Kaos i hovudet
- Akkurat det eg treng no! Alt er kaotisk rundt meg! Nå kan eg ta det steg for steg seier ein av dei unge brukarane om handboka. Slik er det og at boka er tenkt å fungere. Steg for steg skal ein rydde i det kaotiske og vinne igjen kontrollen.
Etter langvarig rusmisbruk vil ein ofte oppleve fysiske, psykiske og kognitive utfordringar. Det er kaos i hovudet. Ein skal møte eit system som er oppdelt og i stadig endring. Ofte må ein jobbe med mange livsområder samstundes, slik som nettverk, bustad, økonomi og helse . Det kan kjennast uoverkommeleg når ein kjenner seg liten og ting ofte bli svart/kvitt. Det er lett å gå i kjellaren og ikkje sjå moglegheitene.
Av brukarar for brukarar
Ved hjelp av handboka kan ein få oversikt og finne ut kvar ein skal byrje prosessen. Boka er oversiktleg med enkle tekstar og det er brukt mykje fargar og illustrasjonar som skapar blikkfang. Boka er laga av brukarar og for brukarar, men er også nyttig for både pårørande og hjelpeapparatet som ønskjer å få innblikk i kva det vil seie å verte rusfri.
May Britt Røbekk og miljøterapeut i Ressurstenesta i Molde er forfattar av boka. Boka er utgitt av Molde kommune med støtte frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Håndboka er gratis og kan lastast ned og/eller bestillast her.
Av:
Jannie Rasmussen