Mork Rehabiliteringssenter
Mork Rehabiliteringssenter er ein seksjon i Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal. Mork har tverrfaglege team som består av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar, miljøterapeut, logoped, sosionom og lege og dei jobbar med pasientar som har samansette funksjonsvanskar og behov for spesialisert rehabilitering. Ein dag i veka har Mork samarbeid med ortopedingeniør frå Trøndelag Ortopediske Verksted, og tek då vurderingar kring ortopediske hjelpemiddel. Dette er eit tilbod både for inneliggande og polikliniske pasientar.
Vi har eit kontinuerleg fokus på å betre kvaliteten på tenestene våre, og dei siste åra har vi vidareutvikla vårt tilbod gjennom pasientforløpsprosjekt. Dette er viktig arbeid for å kunne gi pasientane kvalitetssikra, standardiserte og målretta rehabiliteringstenester.
Pasientane
Hovuddelen av pasientane ved Mork kjem direkte frå sjukehus etter akutt skade eller sjukdom. Men vi tek også i mot heimebuande pasientar med kroniske og komplekse funksjonsvanskar. Desse kan ha behov for spesialiserte rehabiliteringstenester med målsetning om å forbetre ulike funksjonar, både på kroppsnivå, aktivitet – og deltakingsnivå.
Mange funksjonsvurderingar kan gjerast kommunalt, men ved komplekse funksjonsvanskar, kan det vere behov for ei tettare vurdering av eit tverrfagleg team med spesialkompetanse på korleis ulike funksjonar påverkar kvarandre og pasienten i kvardagen. I tillegg gjennomfører vi vurderingar av fysiske og kognitive funksjonar, meistring av ADL-ferdigheiter, og vi kan bistå med utreiing og behandling av spastisitet, revurdering av hjelpemiddel og ortopediske hjelpemidel.
I brevet går Mork nærare inn på kva legane kan henvise pasientar til ved Mork.
Brevet kan du lese her