På denne sida finn du informasjon om kliniske studier ved sjukehusa i Noreg. Kliniske studier, eller utprøvande behandling, er studier som blir utført på menneske for å undersøke verknad av legemiddel eller andre behandlingsmetodar, men også for å undersøke korleis medikament blir omdanna i kroppen og om biverknadane er akseptable.
Ekspertpanelet skal hjelpe dei aller sjukaste pasientane med kort tid igjen å leve. Desse pasientane kan få ei ny og grundig vurdering av behandlingsmoglegheitene sine, etter at all etablert behandling er prøvd.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.