Ansvar og organisering

Styret i Helse Møre og Romsdal har det overordna ansvaret og er prosjekteigar. Administrerande direktør har utnemnt eit prosjektstyret for SNR




Organisering SNR-prosjektet

Organisering av SNR-prosjektet

Prosjektstyret SNR

Prosjektstyret er eit internt arbeidsorgan for adm. dir. Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal, i gjennomføringa av SNR. Det er såleis ikkje eit føretaksstyre.

Johan Arnt Vatnan
Styreleiar 
Utnemnt av adm. dir. HMR HF 

Ingard Nicolai Nilsen
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Dagne Hordvei
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Lars Magnussen 
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Helge Ristesund
Styremedlem
Utnemnt av adm.dir. HMR HF

Tor Rune Aarø
Styremedlem
Utpeika av tilsette i HMR HF

Leiarar i prosjektorganisasjonen

Knut Ragnar Heimdal er prosjektdirektør for SNR og har det overordna ansvaret for leiinga av utbyggingsprosjektet. Heimdal har solid leiarerfaring frå store og komplekse prosjekt som St. Olavs hospital i Trondheim og Nytt Nasjonalmuseum i Oslo.

Helge Johan Hestad er utbyggingssjef for akuttsjukehuset på Hjelset og har ansvar for å følgje opp byggentreprisen og entreprenøren som skal bygge akuttsjukehuset. Hestad har også solid erfaring som prosjektleiar for teknikk for utbygginga av St. Olavs hospital fase 2 og prosjektleiar for bygginga av barneavdelinga ved Ålesund sjukehus.

Prosjektsjef i Helse Møre og Romsdal er Ketil Landevåg Gaupset. Gaupset utgjer saman med Heimdal leiarduoen  som har det daglege ansvaret for utviklinga og planlegginga av det nye fellessjukehuset. Gaupset har åtte år bak seg som klinikksjef i føretaket og kom frå stillinga som klinikksjef for klinikk for psykisk helse og rus

Sentrale personar i prosjektet

Sykehusbygg HF har også fleire andre sentrale leiarar i prosjektet. Elin Altø er sjef for operativ prosjektstyring, Harald Hasfjord er prosjekteringsleiar, Pål Ingdal er ansvarleg for funksjonsprosjektet, medan Tore Indreråk leiar arbeidet med IKT-planlegginga.

Helse Møre og Romsdal har tre prosjektleiarar i SNR-prosjektet. Merete Hagbø frå Molde og Hans Christian Ofstad frå Kristiansund skal sikre koordinering mellom sjukehusa si kliniske verksemd, byggeprosjektet og andre samarbeidspartar. Ronny Sørensen er prosjektleiar for bygg og teknikk. Astrid Johanne Brandshaug er prosjektleiar for OU-arbeidet inn SNR og Guri Viken er kommunikasjonsrådgivar i prosjektet.


Sykehusbygg leiar byggeprosjektet

Sykehusbygg HF har hatt gjennomføringsansvaret for planlegging og bygging av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal frå og med konseptfasen. Sykehusbygg HF er eit nasjonalt føretak for sjukehusbygging og har mellom anna teke opp i seg verksemda frå Helsebygg Midt-Norge HF, som har hatt dette ansvaret tidlegare i Helse Midt-Norge.



Les meir om Sykehusbygg

Styresaker SNR

Les styresaker om SNR