Medverking frå tilsette

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset og i Kristiansund vil medføre at tilsette må jobbe på nye måtar. Nye bygg og areal er tilpassa nye konsept der tilsette må ta i bruk nye arbeidsmetodar for å sikre ei trygg og framtidsretta pasientbehandling.

God medverking i prosjektet

Gruppeleiarar, tillitsvalde, verneombod og brukarar har følgt prosjektet tett

Brei medverking frå tilsette

For å sikre gode driftsmessige løysingar og gode arbeidsforhold har prosjektet lagt vekt på å involvere tilsette undervegs i prosjektutviklinga.
Tilsette frå både medisinske- og ikkje-medisinske miljø, samt tillitsvald- og vernetenesterepresentantar har delteke aktivt i planlegginga av sjukehusprosjektet frå starten.

I alle delutgreiingane har det vore oppnemnt planleggingsgrupper av tilsette-, pasient- og brukarrepresentantar, tillitsvalte og verneteneste. Planleggingsgruppene har vore breitt samansett med representantar hovudsakleg frå sjukehusa i Kristiansund og Molde.  Medverkingsgruppene har hatt ei rådgjevande funksjon, og har bidrege med innspel og kvalitetssikring av konsept og løysingar i tett samarbeid med kollegaer og prosjektorganisasjonen.

Gjennom konseptfasen, forprosjekt og vidareutvikling av forprosjektet har 150 tilsette vore oppnemnt for å ivareta medverkinga i dei ulike planleggingsgruppene. 

Gjennom ein samhandlingsfase i 2020 jobba prosjektorganisasjonen i tett samarbeid med Skanska Norge AS og deira underleverandørar med å vidareutvikle akuttsjukehuset. Medverkingsgruppene frå førre forprosjekt blei vidareført og deltok med å vurdere og gje innspel til nye teikningar, løysingar og utforming av funksjonsområda.  

Etter godkjent optimalisert forprosjekt starta funksjonsprosjektet der tilsette og brukarar bistod med å kvalitetssikre og vidareutvikle funksjonsområda i akuttsjukehuset inkludert utstyr og innreiing av romma. 
 
Planleggingsgruppene

GruppeFunksjonsområde
1Sengeområde
2Poliklinikkar
3Akuttmottak
4Bildediagnostikk
5AOperasjon og sterilsentral
5BIntensiv og tung overvaking
6Psykisk helsevern og rus
7Ikkje medisinsk og teknikk
8Kontor, forsking og undervising
9Laboratoriemedisin
10Apotek og medisinforsyning
12DMS i Kristiansund

Vidareutvikling av prosjektet
I 2021 har prosjektet jobba vidare med å klargjere grunnlagsdokumentar og teikningar for bygging av akuttsjukehuset. Tilsette har vore involvert i å sikre konkurransegrunnlag for nye entreprisar og planlegge anskaffingar av medisinskteknisk utstyr. Det har også vore arbeid knytt til planlegginga av korleis tilleggsarealet finansiert av GassRoR skal vere.

Fann du det du leita etter?