Akuttsjukehuset på Hjelset

I 2014 blei det vedtatt å byggje eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal.  Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) vil bestå av eit nytt akuttsjukehus på Hjelset og eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund

Nytt akuttsjukehus på Hjelset skal stå klart til bruk i 2024


Helse Møre og Romsdal har inngått kontrakt med Skanska Norge AS for vidareutvikling av akuttsjukehuset. Les meir her

Prosjektmål

Med SNR skal Helse Møre og Romsdal sikre innbyggarane betre kvalitet på tenestene, auka pasienttryggleik, auka opningstider og kortare ventetid.


Pasient til behandling

Time hos lege

SNR skal vere eit moderne og varande helsebygg, som er robust og attraktivt for pasientar og tilsette. Utvikling av SNR gir tilsette og pasientar ei stor mogelegheit til å utforme eit godt tilbod med moderne bygningsmasse og utstyr. Ein kan leggje til rette for optimale arbeidsprosessar og effektiv drift, og gjere sjukehustilbodet til noko som er attraktivt for brukarane og som oppfyller samfunnsansvaret.


Pasienttilbod i SNR


Les hovudfunksjonsprogrammet her

Framtidig aktivitet og oppgåver

For å møte framtidas behov for pasientbehandling må ein planleggje SNR med ny kunnskap, nye behandlingsmetodar og nytt utstyr, Føretaket må auke kapasiteten i framtida, og er nødt til å omstille og jobbe meir effektivt til det beste for pasientane. 

Kapasitetsbehova i framtida er berekna med bakgrunn i forventa befolkningsutvikling og aktivitet, justert etter endra sjukdomsbiletet, teknologisk utvikling, omstilling og effektivisering. 


Arealbehovet er rekna ut frå forventet aktivitet, der det er lagt inn krav om blant anna kortare liggjetid, omstilling frå døgn- til dagbehandling, auka opningstid, auka bruk av observasjonssenger, auka effekt av samhandlingsreformen, forventa teknologisk utvikling og nye behandlingsmetodar.

Samla arealbehov: Om lag 60 000 m². (BTA)
Akuttsjukehuset på Hjelset blir om lag 54 500 m²
Det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund vil bli om lag 5 500 m²

Fann du det du leita etter?