Ansvar og organisering

Styret i Helse Møre og Romsdal har det overordna ansvaret og er prosjekteigar. Administrerande direktør har utnemnt eit prosjektstyret for SNR




Organisering av prosjektet

Organisering av prosjektet

Prosjektstyret SNR

Prosjektstyret er eit internt arbeidsorgan for adm. dir. Nils Kvernmo i Helse Møre og Romsdal, i gjennomføringa av SNR. Det er såleis ikkje eit føretaksstyre.

Johan Arnt Vatnan
Styreleiar 
Utnemnt av adm. dir. HMR HF 

Ingard Nicolai Nilsen
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Dagne Hordvei
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Lars Magnussen 
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Helge Ristesund
Styremedlem
Utnemnt av adm.dir. HMR HF

Tor Rune Aarø
Styremedlem
Utpeika av tilsette i HMR HF

Leiarar i prosjektorganisasjonen

Knut Ragnar Heimdal frå WSP Norge AS blei tilsett som prosjektdirektør i Sykehusbygg HF i februar 2019 og har det overordna ansvaret for leiinga av utbyggingsprosjektet. Heimdal har solid leiarerfaring frå store og komplekse prosjekt som St. Olavs hospital i Trondheim og Nytt Nasjonalmuseum i Oslo.

Helge Johan Hestad frå WSP Norge AS blei også tilsett i prosjektet i februar 2019. Hestad er utbyggingssjef for Sykehusbygg HF og har ansvar for å følgje opp byggentreprisen og entreprenøren som skal bygge akuttsjukehuset på Hjelset. Hestad har også solid erfaring som prosjektleiar for teknikk for utbygginga av St. Olavs hospital fase 2 og prosjektleiar for bygginga av barneavdelinga ved Ålesund sjukehus.

Prosjektsjef i Helse Møre og Romsdal er Ketil Landevåg Gaupset. Gaupset utgjer saman med Heimdal leiarduoen  som har det daglege ansvaret for utviklinga og planlegginga av det nye fellessjukehuset. Gaupset har åtte år bak seg som klinikksjef i føretaket og kom frå stillinga som klinikksjef for klinikk for psykisk helse og rus

Sentrale personar i prosjektet

Sykehusbygg HF har fleire sentrale leiarar i samhandlingsfasen og gjennomføringsfasen. Elin Altø er sjef for prosjektstyring, Harald Hasfjord er prosjekteringsleiar, Pål Ingdal er ansvarleg for programmeringa, medan Tore Indreråk leiar arbeidet med IKT-planlegginga.

Helse Møre og Romsdal har tre prosjektleiarar i SNR-prosjektet. Merete Hagbø frå Molde og Hans Christian Ofstad frå Kristiansund skal sikre koordinering mellom sjukehusa si kliniske verksemd, byggeprosjektet og andre samarbeidspartar. Ronny Sørensen er prosjektleiar for bygg og teknikk og kommunikasjonsrådgivar i prosjektet er Guri Viken.

Sykehusbygg leiar byggeprosjektet

Sykehusbygg HF har hatt gjennomføringsansvaret for planlegging og bygging av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal frå og med konseptfasen. Sykehusbygg HF er eit nasjonalt føretak for sjukehusbygging og har mellom anna teke opp i seg verksemda frå Helsebygg Midt-Norge HF, som har hatt dette ansvaret tidlegare i Helse Midt-Norge.


Les meir om Sykehusbygg

Styresaker SNR

Les styresaker om SNR