HELSENORGE

Spesialisthelsetenester i Kristiansund

​​I Kristiansund er det vedteke eit breitt og godt tilbod innan poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. 

​Ba​rne​ti​​l​​b​od


Barnetilbodet ved SNR Kristiansund blir fastsett nærare innflytting i SNR.​

​Bil​​etdia​g​nosti​kk 


K​onvensjon​​ell røntgen, ultralyd, CT og MR.

​Dagkirurgisk​e tilb​od


  • ​Gynekologisk dagkirurgi
  • Ortopedi. HMR skal tilby elektiv ortopedisk kirurgi med hovudvekt på protesekirurgi for utvalde pasientgrupper i Kristiansund. Unnataksvis må ortopediske pasientar overnatte, men det føreset at Kristiansund kommune etablerer døgnplassar lokalisert i same bygg.

Dialyse​beh​a​nd​​l​​i​​ng

Kjem meir

Høyrselst​​ilbod​​​​/høyrs​elsse​ntral

Kjem meir

Klinisk ernæringsfysi​​​ol​​og

Eit poliklinisk tilbod frå klinisk ernæringsfysiolog vil vere ein del av eit felles fagmiljø ved SNR.

​Laborat​​o​​rie​​t​​e​nes​te​r 

Prøvetaking, laboratorieana​​lyser og blodgiving

Logo​ped​tenes​​ter

Denne tenesta er spesielt viktig for til dømes slagpasientar og pasientar med nevrologiske sjukdommar. Eit tilbod i SNR Kristiansund føreset samarbeid med kommunar.​

Læring og me​​ist​​​ring

Tilbod innan læring og meistring er allereie etablert i Kristiansund og blir vidareført.

​​​Med​​isinsk dagb​eha​n​​​dlin​​g

Gjeld i s​tor grad pasientar som t​reng infusjonar.

Palliative​​ t​​e​n​​​es​ter

HMR vil tilby palliativ (smertelindrande) behandling i Kristiansund for alvorleg sjuke pasientar og til pasientar som har ein livstruande sjukdom som ikkje kan kurerast. Tilbodet er ein viktig samhandlingsarena mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.​​

Poli​kl​iniske​​ tilbod

Indremedis​insk po​likl​inikk innan 8 greinspesialitetar

  • Screeningundesøking av auge. 
  • ØNH-​​poliklinikk (utført av​​ avtalespesialist). Eit poliklinisk tilbod blir etablert ved Kristiansund sjukehus i løpet av våren 2021 og vidareført i SNR Kristiansund
  • HMR ønsker å etablere eit poliklinisk tilbod i Kristiansund inkludert urodynamikk.
  • Kirurgisk og ortope​​disk poliklinikk
  • Gyne​​kologisk polikli​​n​​​ikk
  • Hudpoliklinikk me​​d lysbehandling
  • Cytos​​​​tati​kapoli​​k​lini​​kk

Pu​​​s​​t​e​​r​om                                   

Pusterommet er eit treningssenter der kreftpasientar under rettleiing og i trygge rammer kan trene under og etter kreftbehandling. Det er allereie etablert eit pusterom ved Kristiansund sjukehus og dette blir vidareført.​

Screenin​​gsent​​e​​r ​​mot tjukk- og ​ende​​tarmskreft

​Helseføretaket sitt fagnettverk innan gastroenterologi tilrår at det blir etablert to slike screeningsenter i fylket, eit i Ålesund og eit i Kristiansund. Blir finansiert via nasjonale øremerka midlar. ​

T​ann​​behan​dling​ i ​​na​rkose

HMR inngår ny samarbeidsavtale med Fylkestannlegen om pasientar der tannbehandlinga skjer i narkose på sjukehus. Tilbodet blir vidareført ved SNR Kristiansund.​

​Utadretta/amb​​ul​​an​te tenester​​ innan geriatri

I tillegg til geriatrisk poliklinikk skal det ved SNR Kristiansund vere utadretta/ambulante tenester innan geriatri.




Fann du det du leita etter?