Medverking frå tilsette

Nytt akuttsjukehus på Hjelset og eit nytt distriktsmedisinsk senter i Kristiansund vil medføre at tilsette må jobbe på nye måtar. Nye bygg og areal er tilpassa nye konsept der tilsette må ta i bruk nye arbeidsmetodar for å sikre ei trygg og framtidsretta pasientbehandling.

Brei medverking frå tilsette

For å sikre gode driftsmessige løysingar og gode arbeidsforhold har prosjektet lagt vekt på å involvere tilsette undervegs i prosjektutviklinga.
Tilsette frå både medisinske- og ikkje-medisinske miljø, samt tillitsvald- og vernetenesterepresentantar har delteke aktivt i planlegginga av sjukehusprosjektet frå starten.

I alle delutgreiingane er det oppnemnt planleggingsgrupper av tilsette-, pasient- og brukarrepresentantar, tillitsvalte og verneteneste. Planleggingsgruppene er breitt samansett med representantar hovudsakleg frå sjukehusa i Kristiansund og Molde.  Medverkingsgruppene har hatt ei rådgjevande funksjon, og har bidrege med innspel og kvalitetssikring av konsept og løysingar i tett samarbeid med kollegaer og prosjektorganisasjonen.

Gjennom konseptfasen, forprosjekt og vidareutvikling av forprosjektet har 150 tilsette vore oppnemnt for å ivareta medverkinga i dei ulike planleggingsgruppene. 


Vidareutvikling av prosjektet

Hausten 2019 starta samhandlingsfasen der prosjektorganisasjonen i tett samarbeid med Skanska Norge AS og deira underleverandørar skal vidareutvikle akuttsjukehuset på Hjelset.

Medverkingsgruppene frå førre forprosjekt er vidareført og skal i løpet av våren 2020 vurdere og gje innspel til dei nye teikningane og utforminga av funksjonsområda.  

 
Planleggingsgruppene

GruppeFunksjonsområde
1Sengeområde
2Poliklinikkar
3Akuttmottak
4Bildediagnostikk
5AOperasjon og sterilsentral
5BIntensiv og tung overvaking
6Psykisk helsevern og rus
7Ikkje medisinsk og teknikk
8Kontor, forsking og undervising
9Laboratoriemedisin
10Apotek og medisinforsyning
12DMS i Kristiansund


Fann du det du leita etter?