Om SNR

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Den 10. juni 2020 godkjende styret i Helse Møre og Romsdal det optimaliserte forprosjektet for SNR. Byggestart for akuttsjukehuset er planlagd til desember 2020 og SNR skal etter planen stå klart i 2024. Det nye sjukehuset vil innehalde eit nytt felles akuttsjukehus på Hjelset og spesialisthelsetenestetilbod ved eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. SNR skal sikre innbyggarane betre kvalitet på tenestene, auka pasienttryggleik, auka opningstider og kortare ventetid.


Skisse utvendig og innvendig av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal


Fakta om sjukehusutbygginga

  • Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal erstatte dei to sjukehusa i Kristiansund og Molde og vil dekkje eit opptaksområde i Nordmøre og Romsdal på om lag 130 000 innbyggarar. 
  • Det prosjektutløysande behovet for SNR er den nedslitne og uhensiktsmessige bygningsmassa ved Molde sjukehus. Sjukehuset i Kristiansund er heller ikkje godt nok utforma og tilrettelagt for moderne sjukehusdrift.
  • Akuttsjukehuset skal byggast på strekninga mellom Kristiansund og Molde. Sjukehustomta er på Hjelset, om lag 20 km utanfor sentrum i Molde, og om lag 50 km frå Kristiansund. Byggestart for akuttsjukehuset er planlagt til hausten 2020.
  • Det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund skal vere i eksisterande sjukehusbygg i Kristiansund. I 2018 blei det starta opp eit felles prosjekt mellom Helse Møre og Romsdal, Kristiansund kommune og ORKide - Nordmøre Regionråd som samarbeidar om å utvikle tenesteinnhaldet i DMS i Kristiansund.
  • Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal stå klart i 2024.

Samla arealbehov: Om lag 60 000 m². (BTA)

  • Akuttsjukehuset på Hjelset blir om lag 54 500 m² 
  • Det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund vil bli om lag 5 500 m² 

Økonomisk ramme

  • Styringsramma for prosjektet er på 4,590 mrd. kroner (januar 2020-kroner) utan byggelånsrentar.
  • Bereevneanalysen viser at prosjektet kan gjennomførast innafor HMR og HMN sine økonomiske rammer og føretaka har bereevne for SNR.
  • Det er berekna at samanslåinga av sjukehusa i Kristiansund og Molde vil bidra til ein årleg innsparing på om lag 110 millionar kroner.

Milepæler i prosjektet

  • Byggestart for akuttsjukehuset på Hjelset: Desember 2020
  • Oppstart av DMS-prosjekt i Kristiansund: Desember 2017 
  • Overlevering/innflytting i akuttsjukehuset: 2023/2024
  • Full drift ved akuttsjukehuset: 1. mai 2024 

Gjennomføringsfasen

Gjennomføringsfasen inneheld alle aktivitetar som skjer frå januar 2018 og fram til SNR står ferdig.

Fasen tek for seg ein rekkje ulike oppgåver: 

  • Byggestart for akuttsjukehuset. Etter endt funksjonsprosjekt er planen å starte bygging av akuttsjukehuset i desember 2020.
  • Funksjonsprosjektet for akuttsjukehuset. Prosjektet blir kvalitetsikra. Arbeidet består av detaljering, med mellom anna utteikning av alle rom, utstyrsplassering og materialbruk. Funksjonsprosjektet held fram til nov./des. 2020.
  • Optimalisering av forprosjekt: I samhandlingsfasen blir akuttsjukehuset vidareutvikla for å komme fram til ei byggløysing som sikrar ei trygg økonomisk gjennomføring av prosjektet. 10. juni 2020 la prosjektet fram eit optimalisert forprosjekt til behandling for styret i HMR
  • Bygging: 22.oktober 2019 inngikk HMR kontrakt med totalentreprenøren Skanska Norge AS og planlagt byggestart er hausten 2020. Det er planlagd full drift ved akuttsjukehuset frå 1.mai 2024.
  • Infrastruktur: I februar 2020 blei det lyst ut en konkurranse for bygging av to nye bruer over Oppdølsvegen inn til sjukehustomta. Bruene skal vere på plass hausten 2020.
  • DMS-prosjektet: Prosjektet skal vidareutvikle tenestetilbodet som skal vere i DMS i Kristiansund. HMR sitt tenestetilbod i SNR blei vedteke i konseptfasen

Tidlegare fasar i prosjektet

Optimalisert forprosjektForprosjektfasenKonseptfasen

Idéfasen

Historikk

  • I 2003 uttalte styra i Helse Nordmøre og Romsdal HF og i Helse Midt-Norge seg gjennom ein samla plan at det skulle opprettast eit breitt sjukehustilbod i begge bykommunane, og at det skulle byggjast eit nytt sjukehus i Molde.
  • I 2006 vedtok Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Midt-Norge å byggje eit nytt sjukehus på Eikrem i Molde. Byggestart var satt til 2012.
  • Fram til slutten av 2009 var det einigheit om at regionen skulle ha to lokalsjukehus med fulle funksjonar – eitt i Kristiansund og eitt i Molde.
  • I desember 2009 vedtok styret å utgreie flytting av fødeavdelinga og akuttkirurgi-avdelinga i Kristiansund til Molde, noko som provoserte i Kristiansund. Det endelege vedtaket kom i mars året etter.
  • I 2011 blei Helse Nordmøre og Romsdal slått saman med Helse Sunnmøre til Helse Møre og Romsdal. Same år bestemte regjeringa at det skulle utgreiast igjen om det skulle vere eitt eller to sjukehus i regionen.
  • Astrid Eidsvik blei same året utnemnt som adm.dir. for heile organisasjonen.
  • I desember 2012 vedtok Helse Møre og Romsdal ein utviklingsplan som konkluderte med at det skulle planleggast for eit nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Helse Midt-Norge slutta seg til konklusjonen i planen. I tidlegfasa/idéfasa i planlegginga skulle også tomtevalet for nytt sjukehus gjerast. Til saman seks alternative tomter blei presentert og vedtaket skulle gjerast i desember 2014 både i Helse Møre og Romsdal og i Helse Midt-Norge. Etter høyringsrundane var det tre tomteforslag igjen: Opdøl i Molde, Storbakken i Kristiansund og Astad i Gjemnes.
  • 4. desember 2014 gjekk administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, av på dagen fordi ho meinte at Helse Midt-Noreg ikkje hadde tillit til henne.
  • 8. desember 2014; Dag Hårstad blei konstituert som ny administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
  • 10. desember 2014 la Helse Møre og Romsdal fram styresaka utan innstilling.
  • 11. desember 2014 gjekk Helse Midt-Norge inn for at det nye felles sjukehuset blei lagt til Opdøl i Molde. Sjukehuset skulle også inkludere poliklinikk/dagbehandling/DMS-tilbod i Kristiansund.
  • 17. desember 2014 vedtok styret i Helse Møre og Romsdal at akuttsjukehuset blei lagt til Opdøl i Molde.
  • 18. desember 2014 vedtok Helse Midt-Norge at akuttsjukehuset blei lagt til Opdøl i Molde.
  • 19. desember 2014 vedtok helseminister Bent Høie i føretaksmøte at sjukehuset skulle liggje på Opdøl i Molde, i tråd med vedtaka frå dei to helseføretaka.
  • Februar 2015. Kontroll- og konstitusjonskomiteen gjennomførte ei høyring som hadde som mål å avdekke om statsråden hadde gitt styringssignal i forkant av tomtevalet, og utanom føretaksmøta.
  • Mai 2015. Komiteen konkluderte at statsråden ikkje hadde gått utanom styringslina.
  • Oktober 2015. Kristiansund kommune stemna Helse Midt-Norge for retten, med krav om dom på ugyldigheit av vedtak om tomteplassering av akuttsjukehuset.
  • Juni 2015. Espen Remme blei tilsett som ny administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
  • September 2015. Oppstart av konseptfasen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
  • 9.mars 2016 sakshandsama styret i Helse Møre og Romsdal hovudfunksjonsprogrammet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
  • Mai 2016. Rettsak om sjukehussaka i Inntrøndelag Tingrett.  
  • 30. juni 2016. Helse Midt-Noreg frikjend i sjukehussaka.
  • 30.august 2016. Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok å sende konseptrapporten ut på høyring.
  • 1.september 2016. Konseptrapporten sendt ut på høyring.
  • 6. september 2016. Kristiansund kommune vedtok å anke dommen i sjukehusrettsaka inn for lagmannsretten
  • 15. november 2016 la administrerande direktør, Espen Remme, fram styresaka og si innstilling til vedtak. Remme tilrådde alternativ 2A: akuttsjukehus på Hjelset og eit DMS ved eksisterande sjukehus i Kristiansund med eit dagkirurgisk tilbod.
  • 25.november 2016 vedtok eit einstemming styre i Helse Møre og Romsdal konseptrapporten.
  • 8.desember 2016 vedtok  eit einstemming styre i Helse Midt-Norge konseptrapporten. Styret ga med det klarsignal for oppstart av forprosjektet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal i 2017.
  • Februar 2017. Oppstart av forprosjektet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
  • 11.august 2017 forkasta lagmannsretten anka frå Kristiansund kommune. Saka gjaldt overprøving av Helse Midt-Norge sitt vedtak om plassering av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset utanfor Molde. 
  • 29.november 2017 godkjente styret i Helse Møre og Romsdal forprosjektet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
  • 7.desember 2017 fatta styret i Helse Midt-Norge byggevedtak for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
  • 19.desember 2017 vedtok Stortinget bygginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
  • Desember 2017 blei konkurransen for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset lyst ut. Planlagd byggestart var november 2018 med ferdigstilling våren 2022.
  • 8.desember 2017 blei Helse Møre og Romsdal, Kristiansund kommune og ORKidé - Nordmøre regionråd einige om å starte eit felles prosjekt for å utvikle helsetenestetilbodet i det nye distriktsmedisinske senteret i Kristiansund.
  • 13.juni 2018 vedtok styret i Helse Møre og Romsdal å avlyse anbodskonkurransen for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. Avstanden mellom prosjektet sitt økonomiske styringsmål og dei innkomne tilboda var for stor.
  • 10.mai 2019 blei ny konkurranse for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset lyst ut. Planlagd byggestart medio 2020 og full drift ved akuttsjukehuset første halvdel 2024.
  • 22.oktober 2019 Helse Møre og Romsdal inngikk kontrakt med Skanska Norge AS om vidareutvikling av akuttsjukehuset på Hjelset. Gjennom samhandlingsfasen er målet å redusere kostnadane ned til styringsramma for prosjektet.

Styresaker SNR


Se aktuelle styresaker her


Fann du det du leita etter?