Eit stort investeringsprosjekt som Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) gir likevel eit ekstra behov for utviklingsarbeid for å tilpasse drifta til nye konsept, nye pasientforløp og arbeidsprosessar.
For å kunne hente ut forventa faglege og driftsøkonomiske effektar av SNR, må det parallelt med bygginga skje organisasjonsutvikling som sikrar at tilsette kan utvikle ferdigheiter og kompetanse til å ta i bruk nye areal, ny logistikk og ny teknologi på ein god og effektiv måte.
Les styresaka frå juni-møtet her
Tilsette i dei ulike klinikkane jobbar kvar dag med å levere best mogleg tenester. Derfor er det avgjerande at organisasjonsutviklingsarbeidet skjer i tett samarbeid med klinikkane slik at tilsette deltar aktivt i utviklingsarbeidet og førebuingane til innflytting i SNR.

Nye konsept og arbeidsprosessar krev organisasjonsutvikling
HMR har oppretta ein eigen
OU-funksjon med prosjektleiar Astrid Johanne Brandshaug som saman med linjeleiinga får ansvaret med å:
- Utvikle framtidsretta, trygge og driftseffektive pasientforløp med nye arbeidsprosessar
- Tilrå organisering og felles klinikkleiing i interimsfasa, samt foreslå organisasjonsstruktur i SNR
- Planlegge ny bemanning og nødvendig kompetanse
- Utvikle gevinstrealiseringsplan med tiltak, klar framdriftsplan med milepælar og ansvarleg leiar
- Sikre god overgang frå prosjekt til drift SNR
- Utvikle felles fagmiljø og organisasjonskultur for Molde og Kristiansund sjukehus
- Koordinere OU-aktivitetar i SNR mot Helseplattformen og aktuelle forbetringsprogram i HMR
- Involvere andre delar av HMR inn i aktuelle prosessar
- Sikre samhandling med kommunane om felles pasientforløp
Organisasjonsutvikling før 2020
Helse Møre og Romsdal har i 2018 og 2019 gjennomført tre førebuande OU-prosjekt som skal følgjast opp i det vidare arbeidet
- Plan for 8 timar effektiv drift av poliklinikk og dagbehandling
- Fleksible og attraktive arbeidstidsordningar
- Etablering av korttidspost