Aktivitetar i SNR-prosjektet

Den 19. juni la statsminister Erna Solberg ned grunnsteinen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Markeringa var også byggestarten for akuttsjukehuset på Hjelset. Tverås Maskin & Transport AS har kontrakten om grunnarbeid i prosjektet. 30. juni signerte føretaket kontrakt med HENT AS som får oppdraget med fundamentar, råbygg og tett bygg. Prosjektet vil inngå fleire kontraktar og lyse ut fleire nye entreprisar i marknaden i 2021



 

Tentativ framdriftsplan

  1. Gjennomføre tilbodskonkurransar

    Januar 2021 - desember 2021

    For å sikre framdrift og ei god realisering av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal vedtok styret for Helse Møre og Romsdal 27. januar 2021 å lyse ut nye tilbodskonkurransar for å få bygd SNR

  2. Byggestart og nedlegging av grunnstein for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

    19. juni 2021 la statsminister Erna Solber og leiar av brukarutvalet for HMR Paula Skår Næss ned grunnsteinen for SNR.

    Sjukehustomta på Hjelset klar til byggestarten
  3. Ferdigstilling av nye bruer på Hjelset

    Juni 2021 blei arbeidet med den nye vegbrua og gang-og sykkelbrua ferdigstilt på Hjelset. Vegbrua skal berre brukast til anleggsarbeid fram til ny tilførselsveg frå E39 er klar

    Den nye vegbrua på Hjelset er ferdig
  4. Oppstart fundamentering, råbygg og tett bygg

    Hausten 2021 startar HENT AS opp med det fysiske arbeidet på sjukehustomta på Hjelset

    HENT AS har inngått kontrakt med HMR
  5. Utvikling av SNR Kristiansund

    2018 - 2025. Gjennom DMS-prosjektet skal Helse Møre og Romsdal, Kristiansund kommune og Nordmøre IPR utvikle framtidige helsetenester ved dagens sjukehusbygg i Kristiansund. HMR sin del av tilbodet er SNR Kristiansund

    SNR Kristiansund er under planlegging


 


 

Tilbodskonkurransar for SNR
I løpet av første halvår 2021 har SNR-prosjektet signert fleire kontraktar knytt til bygginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Den største kontrakten på over 800 mill. kr. inkl. mva blei signert med HENT AS den 30. juni. HENT AS har oppdraget med fundamentar, råbygg og tett bygg.  

Sjå oversikta over tilbodskonkurransane

DMS-prosjektet i Kristiansund
Som ein del av SNR-prosjektet skal det etablerast eit spesialisthelsetenestetilbod ved eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Joakim Varvin er prosjektleiar for DMS-prosjektet og vil saman med partane i prosjektet, Helse Møre og Romsdal, Nordmøre Interkommunalt Politisk Råd og Kristiansund kommune jobbe med å konkretisere pasienttilbodet i framtidas DMS.

Oppdrag som er ferdigstilt

Bygging av to nye bruer på Hjelset
Veidekke Entreprenør AS hadde oppdraget med å prosjektere og bygge to nye bruer, samt tilhøyrande veg på Hjelset.  Veidekke ferdigstilte arbeidet med asfaltering av og gang- og sykkelbrua og vegbrua i juni 2021. Vegbrua blir berre tilgjengeleg for anleggstrafikk fram til ny tilkomstveg mot E39 står klar.

Førebuande arbeid på Hjelset
Frå 14. desember 2020 til mars 2021 gjennomførte Skanska Norge AS førebuande arbeid på sjukehustomta. Arbeidet inneber mellom anna etablering av parkeringsplassar og anleggsvegar, arbeid med infrastruktur, samt klargjering for kontorrigg og bustadrigg. 

Samhandlingsfase for å vidareutvikle akuttsjukehuset på Hjelset
I oktober 2020 inngjekk HMR kontrakt med Skanska Norge AS. Gjennom 2021 jobba prosjektorganisasjonen saman med Skanska, Cowi, Arkitema/Ratio og Bravida gjennom ein samhandlingsfasen og eit funksjonsprosjektet for å vidareutvikle prosjektet, redusere kostandane ned mot styringsramma og kvalitetssikre og detaljere løysingar for akuttsjukehuset. Målet var at HMR og Skanska skulle inngå ein gjennomføringsavtale før jul 2020, men partane blei ikkje einige om ein tilbodspris for prosjektet. 21. januar 2021 vedtok styret i HMR å avbestille resterande arbeid i kontrakten med Skanska. 

Ombygging av Strandheim
Bygget som i dag fungerar som prosjektkontor for SNR-prosjektet vil i framtida vere eit administrasjonsbygg for Helse Møre og Romsdal. Bygget er blitt rehablitert og modernisert for å vere tilpassa framtidig bruk. Røberg Bygg AS hadde ansvaret for oppdraget som blei avslutta i mai 2019.

Infrastrukturentreprisen, del 1
Arbeidet med ny infrastruktur blei avslutta i desember 2018 og blei gjennomført av Romsdal Anlegg AS. Opdølvegen er rusta opp og gang- og sykkelvegar er etablert. Det er også lagt opp nye rør vannforsyning, avløpsanlegg, og det er lagt til rette for framtidig forsyning av straum og data.

Riveentreprisen
Rivearbeidet på sjukehustomta blei avslutta 29.mai. 2018. AF Decom hadde ansvar for gjennomføringa og 20 ulike bygg og konstruksjonar blei fjerna frå tomta. Arbeidet innebar miljøsanering, riving og sluttdisponering av riveavfall.

Kontakt oss:
Har du spørsmål, eller ønskjer du meir informasjon så send e-post til: prosjekt.snr@helse-mr.no 

Fann du det du leita etter?