HELSENORGE

Etterlengta kurstilbod for personar med Aldersrelatert makula degenerasjon (AMD)

I slutten av mai vart det arrangert kurs for personar med Aldersrelatert makula degenerasjon (AMD) i regi av Augeavdelinga ved Ålesund sjukehus, Norges Blindeforbund og Nav hjelpemiddelsentral.

AMD-kurs
Overlege Alietha C. Y. Vorren held innlegg under AMD-kurs

Seksjonsleiar Silje Johanne Farstad, ved augeavdelinga på Ålesund sjukehus, fortel at kurset var tenkt arrangert våren 2020, men grunna covid vart det utsett. Pasientgruppa er stor og stadig aukande og augepoliklinikken opplevde at pasientar etterlyste meir kunnskap og informasjon om mellom anna diagnosa si, kor lenge dei skulle halde på med injeksjonsbehandling og kontrollar. ​

Augeavdelinga ved Ålesund sjukehus tok då kontakt med augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus for å få tips, då Haukeland har erfaring med å arrangere kurs for same pasientgruppe. Augeavdelinga i Ålesund jobba godt med planlegging og utvikling av kurstilbodet gjennom pandemiperioden, og fekk endeleg arrangert kurset 19. mai 2022. 

Innlegg under AMD-kurs

Sjukepleiar Turid Nesseth Salen held innlegg under kurset.

På sjølve kursdagen deltok Nav hjelpemiddelsentral og Norges Blindeforbund med gode og informative innlegg, sjukepleiar og overlege ved augeavdelinga hadde faglege innlegg. I tillegg fekk ein høyre to pasienthistorier med ulike sjukdomsforløp
og korleis ein kunne handtere kvardagslivet med AMD. Dei flotte lokala ved kreftavdelinga fungerte fint til kurset.

Det var eit svært vellukka kurs for dei som deltok i følgje både pasientar, pårørande og fagfolk. Kurset var fullbooka, og nytt kurs i september er også fullt. Seksjonsleiar Silje Farstad seier at behovet er stort og at dette er eit kurstilbod som er kome for å bli.