HELSENORGE

Inviterer til kurs om epilepsi for føresette og fagpersonar

Tysdag 8. november vert det eit digitalt kurs for føresette og fagpersonar til born og unge med epilepsi. Vi inviterer personar frå heile fylket til å delta på tilbodet, både helsepersonell, pedagogar, tilsette i barnehage og skule og foreldre/føresette. 

Illustrasjonsbilete colourbox barn og mor

Meir om kurstilbodet

Det er Poliklinikk for born og ungdom i Ålesund i samarbeid med seksjon for habilitering og avdeling for barn og unge i Kristiansund, Epilepsiforbundet og Lærings- og meistringssenteret som arrangerer kurset. 

Les meir om Epilepsikurset her

​Dyktige førelesarar frå heile landet

Mange ulike aktørar deltek som førelesarar i epilepsikurset for personar med tilknyting til eit born eller ungdom med epilepsi. Både frå Helse Møre og Romsdal, men også brukarrepresentant frå Epilepsiforbundet og pedagogar frå Spesialsykehuset for epilepsi (SSE). Sidan kurset er digitalt, har ein unik moglegheit å hente inn ekspertise frå andre delar av landet til å vere med å bidra inn i epilepsikurset her i fylket. Det er ei stor styrke, seier rådgivar Sissel Ørstavik Aase i Lærings- og meistringsenteret. 

Programmet inneheld mellom anna informasjon om rettar, kva epilepsi er, handtering av anfall, brukarhistorie, korleis det er å leve med sjukdom og meistring samt pedagogiske konsekvensar. Ein vil også kunne stille spørsmål.


Ynskjer å nå både føresette og fagpersonar

Vi er glade for å kunne tilby eit kurs med relevant innhald både for føresette og fagpersonar. Når det gjeld fagpersonar, så har det på tidlegare kurs vore deltakarar frå PPT, tilsette ved skular eller barnehagar som har tilknyting til eit barn eller ungdom med epilepsi, eller ynskjer å lære meir om dette. Det er også moglegheit for fagpersonar å delta berre på delar av kursdagen.

Føresette/foreldre som deltek på kursa kan ha rett på opplæringspengar om dei elles fyller vilkåra. Nærare informasjon vil bli gitt i starten på kurset. 

Påmelding snarleg og innan 1. november

Det er naudsynt med tilvising frå lege for at føresette/foreldre kan delta på kurset. Tilvisinga sendast elektronisk til Poliklinikk born og ungdom i Ålesund. Fagpersonar/ helsepersonell kan melde seg på ved å kontakte Annie Torbjørgson på tlf.  95 11 52 77  eller via ekspedisjon Pol. barn og ungdom Ålesund på tlf.  70 16 75 50

Du vil få tilsendt lenke til det digitale kursrommet på e-post etter at du er henvist/ påmeldt. Vel møtt!​