Sjøholt

DPS Sjøholt ambulant og døgnseksjon er eit distriktspsykiatrisk senter, ein open institusjon for personar over 18 år under Klinikk for psykisk helse og rus. Senteret har sengepost med 14 plassar og eit ambulant almennteam som tilbyr behandling i heimemiljøet. Hovudopptaksområdet er Haram, Skodje, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sykkylven og Ålesund, midtre bydel. Det er tett samarbeid med dei kommunale psykiske helsetenestene.

DPS Sjøholt
DPS Sjøholt
 

Kontakt

Oppmøtestad

DPS Sjøholt ambulant og døgnseksjon ligg fritt til på Haukås, 2,5 km frå Sjøholt i retning mot Stordal.

Besøkstider
måndag - fredag 16:00 - 21:30
laurdag - sundag 09:00 - 21:30
Telefon
70273870

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

DPS Sjøholt ambulant og døgnseksjon ligg fritt til på Haukås, 2,5 km frå Sjøholt i retning mot Stordal. Skiltet: ”Psyk. senter” syner veg opp til senteret, forbi to eldre trebygningar. Hovudinngangen ligg midt på bygget, på austsida. Når du kjem, ta kontakt med resepsjonen til høgre for hovudinngangen, eller personalbasen i første etasje.

 

Parkering

Pasientar og besøkande med bil kan parkere på den nedste parkeringsplassen nedanfor husa.

 

Buss 

Passasjerar med FRAM EKSPRESS kan gå av på buss-stoppen i Sjøholt sentrum og be om å bli henta der. Reisande med buss Linje 210 (Ålesund – Valldal) kan gå av i Giskemokrysset nær DPS Sjøholt.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

DPS Sjøholthttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-psykisk-helse-og-rus/dps-sjoholtDPS Sjøholt
Klinikk for psykisk helse og rushttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-psykisk-helse-og-rusKlinikk for psykisk helse og rus

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.