Preste- og samtaletenesta
Når du sjølv eller ein av dine nærmaste blir innlagt på sjukehus, kan det dukke opp tankar og følelsar som det kan vere godt å snakke med nokon om. Eller kanskje berre vere saman med nokon om. Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. Våre prestar har brei kompetanse og lang erfaring i å møte menneske i sorg, uro og krise, og er ein integrert og naturleg del av sjukehuset sine ulike behandlingsmiljø. Ein treng ikkje ha ei kristen eller religiøs tru for å snakke med presten. Sjukehusprestane respekterer menneske frå alle trus- og livssynssamfunn og formidlar gjerne kontakt med representantar for eit av desse om du ønskjer det.
-
Det viktigaste vi gjer
Samtalane med pasientar og pårørande er noko av det viktigaste vi prestane gjer. Du bestemmer sjølv kva ein slik samtale skal handle om. Det kan vere om det som er vondt og vanskeleg i livet - sjukdom, behandling, smerter, angst, depresjonar, familiesituasjonen, tru og tvil. Og det kan vere om glede, takknemlegheit og gode ting!
Vi står til teneste med sjelesorg, forbøn, dåp, nattverd, vigsel, båreandakt og andre kyrkjelege handlingar.
Vi blir også nytta i kriser, i familiekommunikasjon, i tema knytt til etikk og verdiar, i tverrfagleg samarbeid, i personalarbeid og i undervisning.
Vi har ikkje eigne gudstenester i sjukehusa, men alle fire sjukehusa har kapell og samtalerom som står opne.
Vi har teieplikt og skriv ikkje journal.
-
Våre medarbeidarar
Våre prestar er ordinerte i Den norske kyrkje. Dei er universitetsutdanna med god kunnskap om kristen tru og andre religionar og livssyn. Alle har tilleggsutdanning knytt til samtale, sjelesorg og vegleiing og er fagpersonar innan områda etikk og verdiar, sorgbearbeiding og krisehandtering, ritual, tru og livssyn, samt dei krevjande tema omkring sjukdom og trugande død.
Sjukehusprestane er tilgjengelege heile døgnet.