Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høyrselssentralen SNR

Høyrselssentralen SNR har eit høgspesialisert tilbod til personar med tinnitus og nedsett lydtoleranse (hyperacusis), i tillegg til poliklinikk med høyrselstestar, tilpassing og kontrollar på høyreapparat og tilbehør. Vi tilbyr også service på høyreapparat kvar dag, heile opningstida. Vi har lokasjonar både ved Høvding i Molde sentrum, ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset og i Sunndal.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Send oss ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd før avtalt time. Då kan andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje møter, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

SNR Hjelset: Plan 3, fløy G (3G).

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

En bygning med biler parkert foran

SNR Molde

Byfogd Motzfeldts gate 8

Sjølvhjelpshandbok for deg som har tinnitus

Molde sjukehus har laga ei sjølvhjelpshandbok som skal gi deg eit endå betre utbyte av behandling for tinnitus og/eller nedsett lydtoleranse. Handboka er tilpassa behandlinga ved Molde sjukehus, men kan også vere nyttig for deg som er til behandling ved andre sjukehus.
Les meir og last ned boka her
Illustrasjon øyre