HELSENORGE
Eit rådgivande organ i helseføretaket

Klinisk etikk-komité

Klinisk etikk-komité (KEK) er rådgivande i etiske spørsmål. Den er eit forum for diskusjon av vanskelege problem i situasjonar der løysingane ikkje er opplagde, både før avgjerder vert tekne - og i ettertid.

​KEK skal sørge for ei brei og opa drøfting av vanskelege etiske dilemma. Dette kan gi kunnskap til hjelp i liknande situasjonar seinare. KEK vil medverke til å heve etisk kompetanse i helsefaglege spørsmål ved å arrangere seminar, undervisning osv. Pasientar, pårørande og tilsette kan ta kontakt med KEK for råd. Alle som tar kontakt med KEK får skriftleg svar.

KEK er ikkje eit klageorgan og har ikkje sanksjonsmynde.

Nasjonalt mandat for KEK

  • Bidra til auka etisk bevisstgjering og kompetanse om verdispørsmål knytta til pasientbehandling.
  • Bidra til auka forståing av forhold mellom klinisk-etiske problemstillingar og spørsmål knytta til ressursbruk og prioriteringar i helseføretaka.
  • Bidra til at pasientar og pårørande vert godt ivaretekne i møte med spesialisthelsetenesta.
  • Bidra til auka evne til å identifisere, analysere og avklare etiske problem og dilemma.
  • Stimulere til systematisk etisk refleksjon og bistå i drøfting av konkrete etiske utfordringar før, eller etter at avgjerder vert tekne.
  • Gi råd om korleis konkrete etiske problem kan løysast.
  • Bidra til helseføretaket sitt kvalitetsarbeid.
  • Vere open og ikkje-diskriminerande i religions- og livssynsspørsmål.

Nasjonalt mandat for kliniske etikkkomitear i helseføretak (pdf)

Etikk i helsetenesta (uio.no)

OM KEK

  • Alle helseføretak er pålagt å ha ein klinisk etikk-komité.
  • KEK er fagleg knytta opp mot Senter for Medisinsk Etikk ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo.
  • KEK er tverrfagleg samansett og oppnemnd av administrerande direktør.

Medlemmar

  • Anne Fasting, leiar, lege kreftavdelingen - palliativt team, Kristiansund
  • Odd Erling Vik Nordbrønd, nestleiar, sjukehusprest Volda
  • Ragnhild Mork Topphol, sjukepleiar akuttmotak, Volda 
  • Olav Skjærpe Brattli, seksjonsleiar kirurgiske legar, Volda 
  • Torunn Kristine Otnes, spesialfysioterapeut, Ålesund
  • Ingvill Hareide Rødal, barnesjukepleiar - nyføddavd, Ålesund
  • Christian Hagen, lege, klinikk for psykisk helse og rus, Ålesund
  • Tonja Judith Pantelatos, lege fysikalsk medisinsk poliklinikk, Ålesund
  • Håvard Ervik, sjukehusprest, Molde
  • Trond Kvernberg, lege medisinsk avdeling, Molde
  • Einar Nes, psykologspesialist, Hjelset
  • Georg Inge Iversen Panzer, jurist og høgskulelektor
  • Britt Jorun Kjelle, sjukepleiar, intensivavdelinga, Kristiansund

Brukarrerepresentantar

  • Anne Grete Mogstad, brukerrepresentant,
  • Asle John Giske, brukerrepresentant, vara

Kontakt oss

Alle tilsette, pasientar og pårørande kan kontakte KEK. Sakene skal vere anonymiserte.

Telefon sentralbord Molde og Kristiansund:  71 12 00 00 

Telefon sentralbord Volda og Ålesund:  70 10 50 00

Ta helst kontakt med leiar i klinisk etikk-komité, Anne Fasting, men du kan også kontakte ein av dei andre medlemmane. Sentralbordet vil sette deg over til den du ønskjer å nå. 

klinisk.etikk-komite@helse-mr.no
NB. sensitive opplysingar må ikkje sendast på e-post.  

Fann du det du leita etter?