Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Starthjelp - foreldre - Ålesund

For foreldre til barn 0-6 år med nedsatt funksjonsevne og/eller langvarig sykdom.

Tid og stad

Når

Arrangeres med jevne mellomrom.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med barnets fastlege for tilvising.


Er familien i behandling ved Seksjon for Habilitering barn og unge, treng du ikkje ny tilvising

 

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi å vere veivisar i ein ny kvardag og å leggje til rette for erfaringsutveksling mellom foreldre i liknande situasjon.

Vi ynskjer å skape forståing og meistring i rolla som forelder/foresatt.
Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.

Innhald

«Systema rundt oss»

  • Korleis finne fram i jungelsystemet
  • Individuell plan

«Familie og kommunale instansar»

  • Besøk frå tildelingstenesta, PPT og helsestasjon

«Samspill med barnet»

  • Kommunikasjon og samspel
    Å meistre ein belastande kvardag

«Håp og mestring»

  • Dei sammensatte følelsene ved det å være foreldre til barn med nedsatt funksjonsevne
  • Familie - Korleis gi plass til alle?
    Parforhold, søsken, besteforeldre, familie/nettverk
    Korleis samarbeide med familie og nettverk?

 

Praktiske opplysingar

Foreldre betalar ein sum per person for heile kurset. Dette inkluderar kaffe, te, frukt og lunsj. Gi beskjed dersom du ikkje ynskjer bevertning.


Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Ingen eigenandel.

Du kan søke om opplæringspengar dersom du er yrkesaktiv og har omsorg for eit barn med langvarig sjukdom eller funksjonshemming. Opplæringspengar reknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråver frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

 

Nyttige nettsider

www.familienettet.no
www.mestring.no

Kontakt