HELSENORGE
Mor med barnet sitt på ryggen

Pasient- og pårørandeopplæring

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande, både individuelt og i grupper. 

Kva er pasient og pårørandeopplæring?

Opplæring er viktig for pasientar og pårørande si helse og livskvalitet, og for sjukehusa er opplæring ei av hovedoppgåvene. Opplæringa skjer i møte med helsepersonell før – under og etter behandling. Pasientopplæringa skal ha fokus på at du som pasient og dine pårørande aktivt brukar eigne erfaringar og ressursar. For at pasientar skal kunne gjere eigne val er opplæring viktig.

Helseføretaket tilbyr eit breitt tilbod innanfor pasient- og pårørandeopplæring. Tilboda utviklast i eit samarbeid mellom fagpersonar, lærings- og meistringssenteret (LMS), pasientar og pårørande. 

Kvifor delta på kurs og gruppetilbod?

Målet med lærings- og mestringstilbod er at du skal lære om sjukdommen din og korleis du kan meistre kvardagen. For å velge din veg må du ha kunnskap både om sjukdom, behandling, eigne ressursar og endring av levevanar.

Under kurs, opplæring eller andre lærings- og meistringstilbod vil du møte fagfolk med ulik kunnskap knytt til sjukdommen. Du vil også møte erfarne pasientar og pårørande som fortel korleis dei lev sine liv med helseutfordringar.

Korleis delta på kurs - tilvising og praktisk informasjon

Tilvising

Du må ha tilvising (henvisning) frå lege for å delta på kurs og gruppetilbod. Det kan vere fastlegen din eller lege på sjukehuset. Legen sender tilvising til det fagområdet/ avdelinga som arrangerer opplæringstilbodet - sjå oversikt kurskatalog for informasjon om arrangerande avdeling. Ved digitale kurs treng vi at du oppgir di e-postadresse i tilvisinga.

Oversikt over kurs- og opplæringstilbod

Helse Møre og Romsdal tilbyr kurs og gruppetilbod ved Ålesund sjukehus, Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus, Volda sjukehus, Ålesund behandlingssenter, Molde behandlingssenter, DPS Ålesund, DPS Vegsund, DPS Molde, DPS Kristiansund, DPS Volda, Mork rehabiliteringssenter og Aure rehabiliteringssenter. Vi har også fleire digitale kurs. Du kan få tilvising til kurs andre stader i landet viss vi ikkje har tilbodet hos oss. På vår nettside (i kurskatalogen over) ser du både lokale, regionale og nasjonale kurstilbud, mange er fysiske men nokre også digitale. For å sjå lokale kurstilbud ved andre sjukehus må du gå inn på nettsidene til det enkelte sjukehuset.

Praktisk informasjon om digitale kurs og personvern finn du her

Helse Møre og Romsdal følger til kvar tid nasjonale føringar og smittevernomsyn. Du skal vere trygg på at all aktivitet skal skje på ein god måte både for deg som pasient, pårørande og for dei tilsette.

Praktisk informasjon kring kvart enkelt kurstilbod (lengde, bevertning ol.) finn ein i kurskatalogen og får tilsendt i kursinnkalling/program. Parkering ved sjukehusa skjer etter eigne reglar.

Rettar ved opplæringstilbod

Både pasientar og pårørande har rettar (rettigheter) knytt til mellom anna reise og opphald i samband med opplæringstilbod:

Rettar ved pasient- og pårørendeopplæring i grupper i Helse Møre og Romsdal

Pårørande sine rettar (Helse Norge)

Fritt behandlingsval

Deltaking på lærings- og meistringstilbod er ein del av ordninga for rett til å velge behandlingsstad

Rett til å velge behandlingsstad (HelseNorge)

Nyttig informasjon for pasientar og pårørande


Nyttig informasjon om mellom anna informasjon om HelsaMi, Samval og andre rettar og val du har som pasient, pårørande eller innbyggar 

Les nyttig informasjon frå HMR

Nasjonale webinar for læring og meistring

Samarbeid mellom helseføretaka og nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring om ulike webinar og digitale konferansar om læring og meistring, tidlegare videokonferansar.

Les meir og finn lenker til webinara

Vidare oppfølging i kommunale tilbod

Når du er ferdig i behandling eller kurs/ opplæringstilbod kan du få tilbod om vidare oppfølging i kommunale frisklivssentralar eller andre kommunale tilbod. Frisklivssentralar er ein helsefremmande og førebyggande kommunal helseteneste, som fins i mange kommuner. Målgruppa er dei som har auka risiko for, eller som har utvikla sjukdom, og treng støtte til å endre levevaner og meistre helseutfordringar. 

Du kan også søke i di kommune om andre kurs og gruppetilbod som innbyggar eller pårørande.

Lenke til frisklivssentralar i Møre og Romsdal
Lenke til nyttig informasjon om Lærings- og meistringstilbod frå HelseNorge

Fann du det du leita etter?