Rusavhengigheit langtids døgnbehandling, Molde BS
Hvis du har behov for meir oppfølging enn poliklinisk behandling, kan vi tilby deg døgnbehandling. Vi gir behandling til rusavhengige over 18 år. Behandlingstida er 6 månader, men dette kan forlengast til 9 månader etter individuell vurdering.
Tilvising og vurdering
Før
Dei første vekene du er innlagt vert det gjort ei grundig ugreiing av helsa di, i samtalar med lege og psykolog. Saman med pasientansvarleg koordinator utarbeider du deretter ein behandlingsplan, som beskriv måla dine for opphaldet og korleis du best kan nå desse. Vi vil, i lag med deg, finne ut kva du treng hjelp til og legge til rette for at du får ei behandling som er tilpassa dine behov.
Under
Etter
Det er viktig at du får støtte og hjelp når opphaldet ditt her er over. Vi samarbeider med kommunen der du bur for å gi deg den hjelpa du har behov for. Du kan også gjere avtale med oss om å ha ei seng tilgjengeleg her når du har behov for det. Dette avtaler du med kontaktpersonen din.
Kontakt
Molde behandlingssenter
Rusbehandling TSB langtids døgn Molde

Molde behandlingssenter
Glomstuvegen 50
6412 Molde