Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samarbeid med helsestasjonane skaper tryggleik

Samarbeidet mellom Barneblikk og helsestasjonane i Ålesund bidreg til tryggleik, både blant helsesjulepleiarane og brukarane.

Linnea Vasstrand Nordås
Publisert 13.12.2019
Sist oppdatert 27.05.2020
Diagram
Å være saman om å hjelpe familien er veldig bra.

​– Å være saman om å hjelpe familien er veldig bra. Det styrkar foreldreskapet og har stor betydning for barnet si utvikling, seier Line Volstad Melbye, teamleiar for helsestasjonane i Ålesund kommune.

Det er i alt tre helsestasjonar i Ålesund kommune. Nelly Snipsøyr er fagansvarleg for Barneblikk familieteam Ålesund og ho er ein halv dag på kvar helsestasjon, annakvar veke. Det styrkar samarbeidet vesentleg.

– At Barneblikk er tilstades på helsestasjonane er viktig i samarbeidet. Det gir tryggleik for helsesjukepleiarar og jordmødre å få ein relasjon til Barneblikk, ved at Nelly er tilstades på helsestasjonen. Når vi har Barneblikk tilgjengeleg på helsestasjonen opplever vi at det er lett å ta i bruk tilbodet. Slik  kan vi jobbe saman og skape eit enda tryggare nettverk rundt familien, uttaler Melbye.

Trygg arena

Med Barneblikk tilstades  på helsestasjonane blir det høve for både drøftingstid og møte med familiar.

– Barneblikk skal være arenafleksibel. Dersom familien synes helsestasjonen er ein trygg plass å være på, kan det være ein møtestad. Kanskje blir terskelen litt lavare for å kunne ta kontakt og ta imot eit tilbod, seier Nelly Snpisøyr. Ho er også tilgjengelig for at helsestasjonane kan ta kontakt utanom hennar faste dagar på stasjonen.

Dei ansatte ved helsestasjonane rekrutterar aktivt til Barneblikk familieteam. 
– Kontakten kan etablerast ved at vi på helsestasjonen for eksempel seier at «Eg forstår det slik at de strevar ein del for tida. Har du hørt om Barneblikk familieteam? Dei kan hjelpe dykk som familie. Dersom de ynskjer det, kan vi ta ein prat med dei slik at de kan avgjøre om det er noko de vil bruke». På denne måten kan det leggast opp til ein uavhengig samtale og eventuelt knytte kontakt mellom familien og Barneblikk om det er ønske og behov for det, fortel Nelly Snipsøyr.

Unik moglegheit

Å avdekke rusproblemer eller psykisk uhelse krev tillit og gode relasjonar. Her har helsestasjonen ein unik sjanse gjennom sin faste konsultasjonsoppfølging, og det gir eit godt grunnlag for rekruttering og samarbeid med Barneblikk.

– Barneblikk gir også tryggleik for dei ansatte. Vi veit at helsepersonalet ofte kan være redd for å snakke om og avdekke utfordringar dersom dei ikkje har noko å tilby etterpå. Barneblikk gir en stor tryggleik på den måten at når helsestasjonen kartlegg ein familiesituasjon, veit vi at Barneblikk er der og vi kan tilby vidare hjelp hos dei. Gjennom Barneblikk er det nokon som kan følge tettare opp der det er behov for det, på ein helt annan måte enn det helsestasjonen har høve til, uttaler Melbye.

Må jobbe saman

Både ansatte ved helsestasjonane og familiane har mykje positivt å sei om samarbeidet.

– I tilbakemeldingane er det gjennomgåande at det er bra at vi har eit helhetlig familieperspektiv og at vi tenkjer helhetlig rundt alle livsområde. Vi er i tett dialog med kvarandre om dei familiane som er involvert. Denne gjensidigheten skaper eit enda tryggare nettverk rundt familien, uttaler Snipsøyr og Melbye.

– Fleirfaglighet i møtet med familien ser vi på som helt naudsynt for å lukkast. Vi kan ikkje, verken på helsestasjonane eller i Barneblikk, klare å gjere alt aleine, så det å være saman om å hjelpe familien er veldig bra. Det å styrke foreldreskap har stor betydning for barnets utvikling, avsluttar Melbye.