Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styringsgruppa for Barneblikk

Leiar for styringsgruppa: Stabssjef Ole Lorvik Klinikk for psykisk helse og rus

Ole Lorvik

Stabssjef i Klinikk for psykisk helse og rus, leiar for styringsgruppa Barneblikk

 

Barn som veks opp i familiar med psykiske lidingar og rusavhengigheit er i ei risikogruppe for utvikling av eigne helseskader. Dessverre møter vi dei ofte igjen når dei blir unge vaksne og er i ferd med å pådra seg tilpassingsskadar og ofte problem med rusmiddel.

Etter mange års arbeid i «den andre enden», i møte med dei vaksne som har utvikla omfattande ruslidingar, ser eg viktigheita av at desse barna får nødvendig tilpassa oppfølging så tidleg som mogleg. Då kan vi forhindre at mange av dei får eit liv med problem i staden for ressursar og meistring. Difor engasjerer Barneblikk meg.

Ann Helene Skare  Brukar- og pårøranderepresentant psykisk helse

Ann Helene Skare

Brukarrepresentant

Eg representerer brukarutvalet for Helse Møre og Romsdal i styringsgruppa.
Eg sit som nesteleiar i brukarutvalet for HMR og er vagt inn som representant for Kreftforeininga. Eg er pensjonist. Frå yrkeslivet har eg erfaring frå administrasjon av helsesektoren.
 
Som representant for brukarane håpar og forventar eg at Barneblikk kan bli ein reiskap som kjem dei som treng det til gode, og at dei som treng det får hjelp på eit tidlegast mogleg tidspunkt.

Mette Grytten Koordinator Barneblikk-satsinga

Mette Grytten

Koordinator Barneblikk

​Mitt ønske er at Barneblikk-satsinga skal bidra til at barn får tidlegare og betre hjelp. Eg meiner suksessen er at Barneblikk familieteama hjelper heile familien. På den måten kan vi ta omsyn til korleis ulike livsområder virkar inn på kvarandre, og vi kan ta omsyn til alle i familien.

Eg er førskulepedagog og har mellom anna utdanning i rus- og avhengigheitsproblematikk. Yrkesbakgrunnen min er frå helsesektoren, skulesektoren, og som leiar i kommunalt rusteam. Eg har utvikla, og drive, barnegrupper, pårørandegrupper, og bidratt i nasjonale retningsliner då eg var tilsett i Kompetansesenter rus-Midt-Norge.

Møta med barn og familiar har vist kor mykje eit lavterskeltilbod betyr for kvardagen. Opplevelsen er at tilsette i Barneblikk familieteama og familiane i lag gjer kvardagen til barna lettare. Eg kjenner meg heldig som får vere med på Barneblikk-laget, og er takksam for alle som bidreg, anten med eigne erfaringar eller med faglig kompetanse.

  • Anne Grete Johansen, koordinator for Barneblikk
    (vikar 50%)
  • Kristin Vik, kommunalsjef helse og omsorg i Ulstein kommune
  • ​Lasse Alexander Honningsvåg, brukarrepr. frå Brukarutvalet i HMR
  • ​Tove Martinsen, enhetsleder helse og omsorg i Molde kommune
  • Vivian Dyb, seksjonssjef, avdeling oppvekst, Ålesund kommune
  • Olaug Haugen, kommunalsjef i Kristiansund kommune
  • Jenny Lyngstad Raftevold, avd.sjef ps. helsevern barn-unge i HMR
  • Eirin Liadal, foretakskoordinator for barn som pårørande, Volda

​​

Ståle Hoff som er klinikksjef i Klinikk for psykisk helse og rus vert representert av Ole Lorvik. Statsforvaltaren deltek med representant ved kapasitet.

Sist oppdatert 07.07.2023