Covid-19 pandemien har sidan mars 2020, sett verdssamfunnet, inklusive Noreg på svært utfordrande prøver. Her i landet har pandemien resultert i krisesamarbeid mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.
For å undersøke kva lærdom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta kan ta med seg frå samhandling i covid-19-krisa, er det etablert eit forskingssamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU Ålesund og Brukarutvalet i Møre og Romsdal.
Prosjektet skal undersøke samhandlingsmønstre på tvers av forvaltningsnivåa, med mål om å identifisere faktorar som hemmar og fremmar samhandling i eit før, under og etter perspektiv.
Tema ein ønskjer å undersøke særskilt er 1) Brukarmedverknad, 2) Styringsstruktur og 3) Krisesamarbeid. Bakgrunn for val av tema er at dei inngår som sentrale element i overordna føringar som ny Nasjonal helse- og sykehusplan og avtale om etablering av helsefellesskap.
Evna til å samhandle lokalt – både forskingsmessig, administrativt og politisk - vil påverke evna til å operasjonalisere den nasjonale helsepolitikken. Funn og konklusjonar i prosjektet vil derfor vere viktige bidrag i det vidare arbeidet med å utvikle ei bærekraftig helseteneste for framtida.