Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

LIS1-utdanning

Velkommen som LIS1 til Helse Møre og Romsdal og våre tre flotte sjukehus!

Vi er så heldige at vi arbeider i eit av Noregs flottaste fylke, med mange hyggelege og dyktige kollegaer som saman gjer sitt beste kvar dag for alle som treng oss. Rundt oss er det vakker natur, anten ein liker fjell eller fjøre, og kulturtilbodet i heile fylket er vidtfamnande. Her er noko for alle!

Vi er opptekne av å legge til rette for god og trygg LIS-utdanning i foretaket, og i det ligg også god LIS1-teneste. Du vil raskt bli inkludert i kollegafellesskapet når du kjem til oss.

Våre tre sjukehus er fullverdige akuttsjukehus. Behandlingstilbodet er likevel noko ulikt ved kvart av sjukehusa og vi samarbeider med kollegaene våre ved dei andre sjukehusa etter behov. Du vil raskt få ei viktig rolle i kvardagen der du er, og gjennom det få god mengdetrening i å møte pasientar og pårørande, samt samarbeide med andre kollegaer. Det er vaktteneste ved alle sjukehusa, og som LIS1 inngår du i vaktlaget der du er, både på dagtid og natt/helg. Sjølv om du deltek i vakt, er du ikkje aleine på vakt og du har alltid meir erfaren kollega som har vakt saman med deg. Som ein del av opplæringa i vaktarbeidet, er det lagt opp til ei økt med simulering av teammottak i akuttmottaket kort tid etter oppstart i LIS1-stilling. 

LIS1-tenesta hos oss er organisert felles i heile føretaket, men sidan sjukehusa er ulike vil også innhaldet i kvardagen variere noko. Det er likevel slik at det er lagt opp til at du skal få relevant teneste for alle læringsmåla i sjukehusdelen gjennom slik tenesta er lagt opp ved kvart av sjukehusa. ​

Ålesund sjukehus er det største sjukehuset i føretaket og her er dei fleste fagområde representert. Det er vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, radiologi, gynekologi, pediatri, onkologi, ØNH, kjevekirurgi, auge, vaksenpsykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, fysikalskmedisin og rehabilitering. 

Ved sjukehuset er det 32 LIS1, 16 per kull. Nokre har 2-delt teneste med medisin og kirurgi. Dei fleste har 3-delt teneste med tillegg av enten vaksenpsykiatri, pediatri eller anestesi. Frå hausten 2021 vil talet på LIS1 i Ålesund auke til 33.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset er eit akuttsjukehus med traumefunksjon for Nordmøre og Romsdal. Sjukehuset er heilt nytt og åpna i april 2025 med ein rekke fag innan somatikk og sjukehuspsykiatri.

SNR har vaktfunksjonar innan medisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, gynekologi, radiologi, nevrologi, ØNH, auge, mikrobiologi, pediatri og vaksenpsykiatri. Den nevrologiske og mikrobiologiske kompetansen i helseføretaket er sentralisert til Hjelset. Innan sjukehuspsykiatri har ein mellom anna akuttpost, utredningspost, sikkerhetspsykiatri og alderspsykiatri. Sjukehuset har i tillegg til vaktgåande fag dagtilbud og poliklinikkar innan tann/kjeve, onkologi, dialyse og habilitering for barn og vaksne.

Det er totalt 44 LIS1-stillingar ved sjukehuset, 22 i kvart kull. Tenesta er delt i to- eller tredelt løp. Nokre LIS1-legar har todelt teneste (medisin og kirurgi), medan andre har tredelt løp der vaksenpsykiatri inngår. Det blir lagt opp til moglegheit for hospitering innan andre fag i løpet av LIS1 tida. Som LIS1-lege ved SNR får ein ei variert og lærerik teneste med brei erfaring med både akuttmedisinske, kirurgiske og psykiatriske pasientar og problemstillingar.

Volda er eit velfungerande lokalsjukehus med vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, gynekologi, anestesi og radiologi. I tillegg er det eit stor DPS med både poliklinikk og døgntilbod like ved sjukehuset, og ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk.  Ved sjukehuset er det førebels 16 LIS1, åtte per kull. Alle LIS1 går 2-delt teneste med kirurgi og medisin, i ulik rekkefølgje.​

Sist oppdatert 08.05.2025