Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nye skisser av akuttsjukehuset på Hjelset

Planlegginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal held god framdrift og er i rute. Under styremøtet 9.mai fekk styret sjå heilt nye illustrasjonar som viser utviklinga av akuttsjukehuset på Hjelset.

Publisert 10.05.2017
Sist oppdatert 15.05.2017
En mann som holder en presentasjon

​- Bygget har endra noko fasong og høgde i forhold til konseptfasen. No detaljplanlegg vi romma og utstyret i akuttsjukehuset og da har vi sett fordelar ved å endre på delar av bygget, seier prosjektleiar Pål Ingdal.

Moderne og framtidsretta

Målet om best mogleg pasientbehandling og effektiv logistikk legg føringar for korleis bygget skal utformast. I tett samarbeid jobbar planleggarar frå Sykehusbygg, saman med tilsette i HMR og arkitektar for å finne gode løysingar både for pasientar og tilsette. Ingdal skryt av engasjementet til dei tilsette.

- Eg opplever eit stort engasjement og vi har gode og konstruktive diskusjonar der tilsette bidreg med viktig erfaring og kompetanse. Pasientane vil få ein god stad å vere i SNR, seier Ingdal.

 

Diagram

Dette bildet mangler alt-text

En stor bygning med et fjell i bakgrunnen

Dette bildet mangler alt-text

Diagram

Dette bildet mangler alt-text

Illustrasjonar akuttsjukehuset på Hjelset

 

DMS i Kristiansund

Arbeidet med å detaljplanlegge det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund starta opp 28.april da arbeidsgruppa var samla ved Kristiansund sjukehus. Gruppa gjekk gjennom arealplaner frå konseptfasen og diskuterte moglege løysingar for bruk av bygget. Fleire uttrykte eit behov om å sjå på korleis spesialisthelsetenestene kan organiserast saman med andre helsetenester. 

- Det er noko usikkerheit knytt til kven som skal eige sjukehusbygget i framtida og kva tenester som skal vere der. Der gir oss nokre utfordringar i planlegginga, men vi vil uansett levere eit forprosjekt for det distriktsmedisinske senteret i 2017.  Vi ønskjer å samarbeide med interesserte om utvikle eit godt og framtidsretta tilbod for befolkninga, avsluttar Ingdal.  

Les meir om sjukehusprosjektet her