Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Hjelset

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er det nye fellessjukehuset for innbyggarane på Nordmøre og i Romsdal. Akuttsjukehuset og psykiatri- og habiliteringsbygget ligg på Hjelset, ca 17 km aust for Molde sentrum og ca 54 km sør for Kristiansund sentrum.

Kontakt

Sentralbordet

71120000

Slik finn du fram

Hovudinngangen

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Pasientreiser

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss til sjukehuset

Det er busstopp like ved hovudingangen til sjukehuset.

FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kollektivtilbudet i fylket. For å søke opp ruter på ein spesifikk trasé, sjå: https://frammr.no/

PDF-tabellane blir også oppdaterte ved endringar: https://frammr.no/reise/rutetabellar-og-linjekart/buss/

Fly

Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.

Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.

Parkering 

Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering. 

 

Det er gratis å parkere ved SNR Hjelset fram til 1. juni 2025.

Diagram
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset, omtrent 5 minutt å gå til hovudinngangen. 

Helse Møre og Romsdal er i ferd med å få på plass Mazemap, eit kart som hjelper deg å finne fram både inne og ute på sjukehuset. Førebels er det lagt til ein del fellesområde, men også avdelingane vil kome inn her etter kvart. 

Sjå parkeringsområda for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal i Mazemap.

Omvising i psykiatri- og habiliteringsbygget ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Det nye psykiatri- og habiliteringsbygget ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal opna 8. oktober 2024. Her får du ei omvising i det nye bygget.
Sjå video og bildeserie frå psykiatri- og habiliteringsbygget
Fasade psykiatri- og habiliteringsbygget, vist frå atriumhagen.

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

Kafé SNR

Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst. 

Opningstider

Mandag - fredag: kl 9:00-20:00

Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00

 

Kiosk

Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.  

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

    Besøkstider

    Avdelingane i Helse Møre og Romsdal kan ha ulike besøkstider. Her finn du ei oversikt.
    Besøkstider
    Illustrasjonsbilde, to damer på besøk til pasient

    Nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

    Helse Møre og Romsdal HF byggjer eit nytt fellessjukehus for befolkninga på Nordmøre og i Romsdal. Her kan du følgje aktivitetane i prosjektet.
    Nye SNR
    En person som går på et fortau

    Nyheiter om SNR

    • Kvinner som sitter på en benk
      23. april 2025
      Strøyma til Hjelset på innflyttingsdagen

      I dag, onsdag 23. april, flytta akuttfunksjonar og sengepostar inn i det nye fellessjukehuset, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset (SNR Hjelset). Sjå våre bilde frå flytteprosessen og dei første pasientane på sengepost.

    • Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.
      11. april 2025
      Veka etter påske blir innlagde pasientar og akutte funksjonar flytta til Hjelset

      Onsdag 23. april startar flyttinga av rundt 100 innlagde pasientar frå sjukehusa i Kristiansund og Molde til nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Samtidig blir akuttilbodet flytta til Hjelset.

    • Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.
      14. mars 2025
      Viktig informasjon i samband med innflyttinga i SNR på Hjelset

      I løpet av april skal dei siste tilboda ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset (SNR Hjelset) flytte inn med døgntilbod og akutte tenester. Etter innflyttinga på Hjelset blir Molde sjukehus stengt, mens det blir planlagt aktivitet med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi ved SNR Kristiansund. Fleire seksjonar er allereie i drift på Hjelset og i oversikta under finn du meir informasjon om aktivitetane våren 2025 knytt til innflytting av dei somatiske tilboda i sjukehuset.