Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Molde sjukehus med en plen foran seg

Lundavang

Molde sjukehus

Molde sjukehus ligg like nord for Molde sentrum. Molde sjukehus er det nest største sjukehuset i foretaket og er lokalsjukehuset for kommunane i Romsdalen, som utgjer om lag 60 000 innbyggjarar. Ved sjukehuset ligg óg den einaste nevrologiske avdelinga i fylket og all akutt nevrologi utanom hjerneslag er samla her. Det er om lag 1600 tilsette ved Molde sjukehus, som har vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, radiologi, gynekologi, anestesi, ØNH, auge, medisinsk mikrobiologi, nevrologi og vaksenpsykiatri.

Kontakt

Slik finn du fram

Adresse

Parkveien 84
6407 Molde
Opningstider hovudinngang
  • I dag 07:00 - 22:15
  • Måndag 07:00 - 22:15
  • Tysdag 07:00 - 22:15
  • Onsdag 07:00 - 22:15
  • Torsdag 07:00 - 22:15
  • Fredag 07:00 - 22:15
  • Laurdag 07:00 - 20:00
  • Søndag 07:00 - 20:00

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.

  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
Flyfoto med markerte område for parkering og inngangar til Molde sjukehus

Markerte område på bildet

A: Hovudinngang

B: Infosenter - poliklinikkar og høyrselssentral

C: ØNH, tann/kjevekirurgi, blodbank

D: Akutt psykisk helse, BUA Lundavang

E: Patologi, kapell

F: Fysioterapi, auditorium

G: Mammografi, MR

H: Sjukehusapoteket

 

Grøn markering: Parkering for besøkande, mot avgift

Lys blå markering: Parkering for besøkande, maks 30 minutt, ingen avgift

Oransje markering: Parkering for forflytningshemmede med off. parkeringstilatelse, ingen avgift

Raud markering: Parkering for blodgivarar

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Mandag-fredag: kl. 17.00-19.00

Laurdag-søndag: kl 16.00-18.00 

Ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf.  71 12 00 00


 

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag og søndag: 10.00–19.00

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i sokkeletasjen (aust). Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Besøkstider

Avdelingane i Helse Møre og Romsdal kan ha ulike besøkstider. Her finn du ei oversikt.
Besøkstider
Illustrasjonsbilde, to damer på besøk til pasient