Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Minisjukehus på fire hjul

Dei fleste av oss har heldigvis ikkje hatt behov for å bli transportert i ein ambulanse, men du har kanskje lurt på korleis det ser ut inni ein sjukebil? Les vidare og sjå noko av utstyret som vi har og korleis ambulansane i Møre og Romsdal ser ut!

​Før var ambulansen først og fremst eit transportmiddel. I dag er han eit lite sjukehus på fire hjul. Visste du for eksempel at ambulansane er bemanna og utrusta til å handtere pasientar med pustevanskar, hjarteproblem og skadar, eller til og med ta i mot eit barn som kjem til verden?

Klinikk for Prehospitale tenester har ansvaret for drifta av ambulansetenesta i Møre og Romsdal. Dette omfattar bil- og båtambulansetenesta. Bilane vert eigd av Helse Midt-Norge, medan båtane teknisk sett driftast av private tilbydarar. Klinikk for Prehospitale tenester sikrar den daglege drifta, kvalitetssikring og kompetanseutvikling for ambulansetenesta i fylket.

Torbjørn Kopland Mikkalsen, Maria Vik og Bjørn Bakken vil fortelje meir om kvardagen for ambulansearbeidarane i Møre og Romsdal

 

Ambulansearbeidarar Ålesund.jpg
Ambulansetjenesten nyttar i hovudsak to typar køyretøy Mercedes Sprinter og Volkswagen Caravelle. På sikt kan vi ikanskje sjå ein ny variant langs vegane, Volkswagen Amarok (ikkje teken i bruk i Møre og Romsdal enno).

 

Ambulanse bakfra med åpen bakdør.jpg

Ambulansen er utstyrt med det siste innan avansert førstehjelp, meir som eit lite sjukehus på fire hjul. Utrustninga er heilt lik for ambulansane i fylket.

 

Bilde fra innsiden av ambulansen.jpg

I løpet av året gjennomfører ambulansetenesta i Møre og Romsdal godt og vel 36 000 oppdrag. Dei aller fleste er ordinære transportar, men det er også mange akutte tilfelle. Då er det viktig at man er godt forberedt, og av den grunn blir det utført sjekkrutinar på utstyr og bil kvar månad, kvar veke og kvar dag. Dette er  viktige arbeidsoppgåver for ambulansearbeidarane. Bilen inneheld mykje avansert utstyr. Noko av det viktigaste er plassert langsmed båra, mellom anna overvakingsmaskina, hjartestartar og hjelpemiddel for å støtte pasientar med pustevanskar.

Bilde av akuttsekk.jpg
 

Ambulansane er utrusta med fleire akuttsekkar og diverse portabelt spesialutstyr. På den måten kan ambulansearbeidarane handtere ulike situasjonar eit godt stykke frå ambulansebilane, eksempelvis utanfor veg eller høgt oppe i ei boligblokk. Dei ulike sekkane inneheld til dømes utstyr for handtering av hjartestans, bandasjar til bruk ved brannskadar, oksygen- og ventilasjonsutstyr, utstyr til bruk ved fødsel og utstyr til bruk ved fall- og trafikkulukker.

Bildet av dashbord i ambulanse.jpg
 

Framme i bilen er det radioar for kommunikasjon i naudnett, og kartsystem slik at sjåføren finn fram dit dei skal.

Behandlars plass bak i bilen.jpg
 

Det er digitalt radiosamband bak i bilen også. Det gir moglegheit for ambulansearbeidarane å formidle oppdatert informasjon om pasientens tilstand undervegs til sjukehuset. På den måten får legane og sjukepleiarane i sjukehusa forberedt seg best mogleg til pasienten kjem inn.

 

Utstyr bak i bilen.JPG

Oksygenutstyr er viktig og nyttast i mange ambulansetransportar. Nokre pasientar kan ha mykje blod eller slim i nase, munn og svelg. Då kjem det portable suget til nytte. Det er den gule maskina som du kan sjå i bildet over. Er det mistanke om til dømes hjarteinfarkt er det viktig å komme i gang med behandling så raskt som mogleg. I 2014 vart det anskaffa ny multimonitor for ambulansetenesta i Midt-Norge, Corpuls3. Med den så kan ambulansearbeidarane overvake nær sagt alle dei livsviktige funksjonane til ein pasient i ein akuttsituasjon. Man kan mellom anna sende eit EKG frå ambulansen og inn til sjukehus, der det vert tyda av hjartespesialistar. Etter tilbakemelding frå hjartespesialist og innanfor gitte kriterier kan ambulansearbeidarane iverksetjing av avansert blodproppløysande behandling utanfor sjukehus. Med Corpuls3 kan ein også ta blodtrykk, puls og sjekke kor mykje oksygen pasienten har i blodet.


 

Corpuls 3.jpg

Corpulse3 er ei av dei mest moderne og avanserte overvakingsmaskinene på marknaden.

 

Ambulansehjelm.jpg

Nokre gonger treng ambulansearbeidarane sjølv vern. Er det til dømes skjedd ei ulukke på eit industriområde må dei ha på hjelm.

 

Bilde av behandlar bak i bilen.jpg

I skapene er det mellom anna smittevernutstyr, eingongshanskar, kanyleutstyr og søppelposar.

 

Tilsett med bårestol.jpg

Nokre stadar kan det vere for trongt for ei vanleg båre. Difor har ambulansen med ein bærestol til å frakte pasientar inn i ambulansen.

 

Bilde av ambulansepersonell som øver AHLR.

 

 

Akutte situasjonar er ofte stressande og krevjande, og då må ferdigheitene og rollefordelinga være på topp. Difor øver ambulansearbeidarane ofte på vanskelege arbeidsoppgåver.

 

En gruppe brannmenn som står ved siden av en brannbil

Ambulansepersonell som øver saman med brannvesen og politi.

 

Ambulansetenesta øver også saman med brannvesenet og politiet. Arbeidsfordeling i handtering av trafikkulukker krevjer regelmessig øving.

 

Beredskapsbilen.JPG

Ambulansetenesta har moglegheit for å køyre ut materiell for særskilte hendelsar. Dersom fleire er forulykka eller det skulle oppstå ei industriulukke med kjemikaliar kan det være nødvendig med ekstra utstyr. Dette står pakka og klart til å køyrast raskt ut frå sjukehusa i eldre, ombygde ambulansar. Desse er merka med "Beredskap Helse".

 

Per Johan Utrykningskøyring.jpg

Har du sett ein akuttbil på utrykking langs vegane av og til? Det kan være ambulansearbeidarar som får repetere kunnskap og ferdigheiter i utrykkingskøyring. Det er viktig for at ferdselen langs vegane skal være mest mogleg sikker for alle trafikantar når ambulansetenesta er på utrykking.

 

Avdelingssjefer Geir og Knut Erik.jpg

Leiarane i ambulansetenesta inngår i Kriseleiinga for Helse Møre og Romsdal. Dei ber mørke uniformer i sin daglege teneste.


 

 

Sist oppdatert 26.01.2024