Barn som pårørande

Denne informasjonen er til deg som har barn eller ungdom i familien. Du er kanskje pasient, pårørande eller forelder til eit sjukt barn som har søsken. 

​Vi på sjukehuset ønsker å bidra til at barn og ungdom i familien din blir tatt vare på. Barn blir påverka når nokon i familien er sjuke. Dei treng vaksne som er opne og ærlege om det som skjer.   

Kva gjer vi på sjukehuset?

Vi spør alltid om pasientane våre har barn eller søsken som er under 18 år. Vi spør pasienten sjølv, eller den som følger pasienten til sjukehuset.

Vi vil gjerne få vete litt om korleis barna har det. Det gjer vi mellom anna ved å spørje:

  • Kva heiter barna og kor gamle er dei?
  • Kor bur barna og kven tar vare på dei når pasienten får behandling?
  • Kva veit barna om sjukdommen og behandlinga?

Dersom barna kan ha behov for informasjon eller oppfølging, er det vanleg å snakke meir om:

  • Korleis barna har det
  • Kva barna kan ha behov for å vite meir om
  • Korleis påverkar sjukdommen kvardagen i familien
  • Kven kan vere ressurspersonar for barna; i familien, i nabolaget eller på skolen

Kva kan vi på sjukehuset tilby deg og familien din?

  • Samtalar med deg om barna
    • Kva har barna opplevd, kva er vanlege reaksjonar og korleis snakkar de i lag om det som skjer. Andre tema kan vere korleis det er å vere forelder når det er sjukdom i familien
  • Samtalar med familien eller barna åleine
    • Kva veit barna, korleis har kvardagslivet endra seg, har alle den informasjonen dei treng, korleis handterer familien situasjonen og kva vil skje framover
  • Tilrettelegge når barn og unge skal på besøk på sjukehuset
  • Informasjon om gode stader å finne kunnskap, hjelp og støtte
  • Kontakt og samarbeid med andre tenester (for eksempel helsesøster, skole eller andre).

Tips og råd til familien

Barn treng openheit når nokon i familien blir sjuke. Openheit betyr de snakkar om det som skjer og korleis de opplev det. Barn treng også å få vere med å bestemme og bidra med oppgåver som dei meistrar. 

Under finn du råd for kva som kan vere lurt å gjere før, under og etter behandling. Då ulike behandlingar har ulik varigheit, kan du lese råda både samla og på ulike tidspunkt undervegs i behandlinga. 

Før behandling

  • Fortel barna om sjukdom og behandling så tidleg som mogleg
  • Tenk gjennom kva barna har fått med seg: Kva veit dei og kva kan dei lure på
  • Snakk opent med barna om det som skal skje: Ver ærleg, bruk ord som dei kan forstå, og oppmuntre dei til å spørje om dei lurer på noko
  • Vis gjerne tekst, bilde eller video som forklarar behandlinga, sjukdommen eller som viser sjukehuset. Bruk informasjon frå sjukehuset eller gode nettsider
  • Planlegg korleis de skal halde kontakta ved ei innlegging (telefon/meldingar/chat eller besøk på sjukehuset). Lag ei liste med kontaktinformasjon til sjukehuset og ha den tilgjengeleg heime slik at alle veit kor den er
  • Planlegg det som skal skje heime og lag oversikt over vanlege ting som måltid, lekser, husarbeid og fritidsaktivitetar
  • Er det spesielle hendingar i barna sine liv som ein bør ta ekstra omsyn til, for eksempel bursdagar?
  • Snakk med barna om kven som får informasjon om det som skjer, for eksempel familie, barnehage og skole
  • Spør barna kven dei ønsker skal vite om sjukdommen og om dei ønsker å fortelje noko sjølve
  • Snakk med barn og unge om kva dei kan seie om nokon spør om sjukdommen eller behandling

Under behandling

  • Informer barna om behandlinga og prognose. Ver ærleg og konkret
  • Vi kan gi råd om korleis snakke med barn. Vi kan også bli med i samtalar, åleine eller i lag med deg
  • Snakk med oss om besøk på sjukehuset og kven som er kontaktpersonar for barna
  • Avtal korleis de skal halde kontakten med kvarandre under behandlinga
  • Oppmuntre barna til å fortsette med sine daglege aktivitetar
  • Hald kontakta med familie, barnehage og skole
  • Dersom du får ein alvorleg beskjed: Informer barna etter at du sjølv har fått reagert. Involver andre vaksne omsorgspersonar, og be helsepersonell om å vere til stades om du ønsker det. Ikkje vent for lenge med å informere barna

Etter behandling

  • Bruk tid saman. Fortsett med aktivitetar de liker eller finn på nye
  • Snakk med barna om korleis sjukdommen og behandlinga har påverka dei og familien
  • Fortel barna at dei kan føle og meine det dei vil, og at det er greit både å vere åleine og i lag med venner
  • Oppmuntre barna til vanlege fritidsaktivitetar
  • Snakk i lag om kva som vil skje framover med sjukdom, jobb og kvardagen i familien
  • Snakk i lag om kva oppgåver barna har heime. Er det passande eller bør dei endrast? 
  • Sei ja til hjelp og støtte frå andre til stort og smått, frå familie, venner, naboar, barnehage eller skole
  • Hald kontakten med skole, barnehage og fritidsarenaar om familien sin situasjon og utvikling av sjukdommen
  • Snakk med nokon dersom du er bekymra for barna

Vil du vite meir?

På helsenorge.no kan du lese meir om kva barn trenger, kvar du kan søke hjelp og korleis du kan snakke med barn og ungdom Finn ut korleis du kan søke Pasientreiser om å få dekt utgifter til reise

Du kan også spørje oss på sjukehuset.  


English translation

Children or teenagers in your family?

Fann du det du leita etter?