Dine rettar, val og moglegheiter

Som pasient har du mange rettar. Desse er i hovudsak regulert av Pasient- og brukerrettighetsloven, som skal sikre at pasientar og brukarar får lik tilgang på helse- og omsorgstenester. 

  • Eigendel og frikort

    Du får dekt delar av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar, får du frikort for helsetenester.

  • Fritt behandlingsval

    Du har rett til å velje behandlingsstad i heile Noreg når du har fått ei tilvising. Som pasient i spesialisthelsetenesta kan du samanlikne ventetider og sjå kva behandlingsstader du kan velje.  

  • Klage og erstatning

    Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har mottatt dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan også ha klagerett.

  • Rettar ved fristbrot

    Når du har fått ein frist for helsehjelp og ikkje mottatt helsehjelpa innan denne fristen, har du rett til å få eit anna behandlingstilbod.

  • Pasientjournal

    Pasientjournalen din er ei samling av opplysingar om helsehjelp du har fått. Som pasient har du rett til innsyn i alle dokument i din eigen pasientjournal.

  • Pasientreiser

    Når du reiser til og frå offentleg godkjent behandling, kan du ha rett til å få dekt reiseutgifter.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.