Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal

Vi tilbyr primært spesialisthelsetenester til eldre med psykiske lidingar som oppstår i aldersgruppa over 65 år. For demensutgreiing av pasientar med uklar demensdiagnose, er det ingen aldersgrense. Vi tilbyr difor samtalegruppe for yngre personar med demens og deira pårørande.

Våre hovudoppgåver er:

  • Utgreiing - kartlegging
  • Behandling
  • Undervising, opplæring og rettleiing
  • Forsking og utvikling

Vi har 6 sengeplassar - ingen akuttfunksjon. 4 senger for planlagde innleggingar og 2 overføringssenger – for pasientar frå andre seksjonar i føretaket. Innlegging skjer etter tilvising frå fastlege, sjukeheimslege eller anna lege/seksjon/avdeling i helseføretaket.

UTGREIING OG BEHANDLING

Vi tilbyr utgreiing og behandling med spørsmål om demens eller kognitiv svikt og demens med psykiatriske tilleggssymptom. I tillegg til andre psykiatriske sjukdommar/ tilstandar som angst, depresjon, psykose, akutt forvirring/delir. Vi forsøker å tilby eit individuelt behandlingstilbod. Vi jobber med å identifisere årsak (-ene) til for eksempel utfordrande atferd og psykiske plager. Dette skjer gjennom systematisk kartlegging og utprøving av tiltak. Det blir gjort ei helskapleg vurdering av pasienten sitt behov for medisinar. Vi set også diagnose.

FAGGRUPPER

  • Psykiater
  • Geriater
  • Assistentlege
  • Turnuslege
  • Psykolog
  • Sjukepleiarar
  • Geriatriske sjukepleiarar
  • Psykiatriske sjukepleiarar
  • Ergoterapeut
  • Vernepleiarar
  • Hjelpepleiarar


PRIMÆRSJUKEPLEIE
Du får ein fast behandlar, primær- og sekundærkontakt under opphaldet. Denne samarbeider med dine næraste pårørande, har samtale med deg ved innkomst, i løpet av behandlingstida og ved planlegging av utskriving.

OPPFØLGING ETTER UTSKRIVING
Etter utskriving får du oppfølging frå avdeling eller poliklinisk team. Dette blir bestemt etter avtale med deg, pårørande og primærhelsetenesta.

I alderspsykiatrisk poliklinikk arbeider vi både stasjonært, der vi tar imot pasientar på poliklinikken eller ambulant, der eit team reiser ut i disktriktet og besøker pasientane i heimen eller etter anna avtale.

FAGGRUPPER 

  • Geriatriske- og psykiatriske sjukepleiarar
  • Geriater
  • Psykiater
  • Psykolog
  • Turnuslege 
  • Ergoterapeut

Våre ambulante team har vanlegvis to fagpersonar.

POLIKLINISK VURDERING

  • Tilvising: Aktuell  problemstilling
  • Somatisk undersøking gjerast av fastlege
  • Som regel heimebesøk (i eigen heim eller på institusjon)
  • Innhentar komparentopplysningar (pårørande, personal, pasient ect)
  • Pasienten si livshistorie; oppvekst, familieforhold barndom og no, arbeidsforhold, hobbyar/interesser mm.
  • Sjukehistorie
  • Medisinar
  • Kognitive testar
  • Kartelgging av funksjonsnivå
  • Anna kartlegging

Slik finn du fram

Adresse

En stor bygning med trær foran seg

Hjelset

Opdølvegen