Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DPS døgnseksjon Volda

Volda DPS døgnseksjon er eit av 4 distriktspsykiatriske senter i Klinikk for psykisk helse og rus. Døgnseksjonen har 12 sengeplassar, der to er brukarstyrte og ei vert disponert av Akutt heimebehandlingsteam. Vi gir tilbod om tverrfagleg utgreiing og behandling til pasientar over 18 år med psykiske lidingar. Vi legg stor vekt på samarbeid med pasient, pårørande og kommunale instansar. Opptaksområdet er Søre Sunnmøre.


Behandlingstilbod

Volda DPS har eit samansett behandlingstilbod. Dei ulike faggruppene arbeider saman for å oppnå best mulig resultat under opphaldet. Vi tilbyr tverrfagleg utgreiing og behandling. Kjerna i behandlingstilbodet er miljøterapi. Gjennom å delta i målretta aktivitetar i miljøet/fellesskapet, skal pasienten kunne oppnå å fungere betre både psykisk og sosialt.  

Kven jobbar her  
Psykiater, psykologspesialist, psykolog, lege i spesialisering, sjukepleiarar, aktivitør, spesialsjukepleiarar, sosionom, barnevernspedagogar og fysioterapeut.  

Innleggingsdagen 
På innleggingsdagen får du samtale med behandlar som kan vere lege i spesialisering, psykolog, psykologspesialist eller psykiater. Behandlar vil, saman med deg, ha ansvar for å utforme plan for behandlinga.  

Praktisk informasjon  
-  Møt opp i resepsjonen når du kjem 
-  Alle pasientromma er einerom med bad og dusj 
-  Felles kjøkken og stove 
-  Vi har vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel 
-  Vi har besøksrom der du kan ta imot besøk  
-  Ta med gode kle og sko til inne- og uteaktivitetar  
-  Du kan ta med eigen bærbar pc og liknande, vi har trådlaust nett  

Besøk og permisjonar   
Besøkstid kl 16.30 - 21.30, eller etter avtale. 
Både barn og vaksne som er pårørande, må gjerne kome på besøk. Vi prøver å legge til rette for besøk av barn. Vi har ein del leiker og ein leikekrok på eine besøksrommet. Besøkende blir oppmoda om å ta kontakt med personalet når dei kjem.
Permisjonar blir avtalte individuelt som ein del av behandlingsopplegget.  

Rus  
Alkohol og andre russtoff påverkar grunnleggande fungering. Både alkohol, narkotiske stoff og enkelte former for legemiddel verkar inn på mentale tilstander. Desse kan både utydeleggjere og øydelegge for overordna mål i ei behandling. Vi legg vekt på at vårt møte med pasientane her skal foregå utan at pasienten er ruspåvirka. Hos oss er det difor ein føresetnad at ein er rusfri. Rustestar kan vere aktuelt ved mistanke om rusbruk.  

Brukarmedverknad  
Pasienten sin erfaringskunnskap og eigeninnsats er viktige ressursar i behandlinga. Vår felles oppgåve er å skreddarsy eit behandlingsopplegg som i størst muleg grad samsvarer med måla pasienten har for opphaldet. Behandlingsplan og individuell plan er nokre verktøy som kan nyttast i dette arbeidet. Vi ønsker at pasienten sjølv i størst muleg grad er med og utformar desse planane. I samråd med pasientane jobbar vi elles aktivt med å leggje til rette for eit godt samarbeid med pårørande og kommunale tenester.  

Pårørande - viktige medspelarar   
Pårørande har ei viktig rolle i nettverket rundt pasienten. Dei har også kunnskap om pasienten sitt liv og korleis sjukdommen kan setje sitt preg på kvardagen. Denne kunnskapen kan vere svært verdfull å ha med som grunnlag for å setje rett diagnose, utforme eit heilskapleg behandlingsopplegg og evaluere mål og tiltak.  
Næraste pårørande har rett til generell informasjon, for eksempel informasjon om ein diagnose og vanlege behandlingsformer for denne. Dersom pasienten samtykker, har næraste pårørande også rett til informasjon om pasienten sin tilstand og behandlinga som blir gitt.   

Barn som pårørande  
Helsepersonell skal bidra til å ivareta mindreårige barns behov for informasjon og oppfølging som følge av foreldre sin sjukdom, skade eller rusmiddelavhengigheit. Vi har eigen barneansvarleg med kompetanse til å fremje og koordinere oppfølging av barn som pårørande.  

Tilvisingar   
Pasientar kan tilvisast frå fastlege eller anna spesialisthelseteneste, og vi følger «Prioriteringsveilederen i psykisk helsevern for voksne» når tilvisingane vert vurdert. Alle tilvisingar vert vurderte i eit felles inntaksråd der det alltid er spesialist til stades. 


Kontakt

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
DPS Volda døgnseksjon
Volda sjukehus
Boks 113
6101 Volda

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sengeposten er lokalisert i sjukehusbygninga. Inngangen er på vestsida av bygget, rett inn frå parkeringsplassen. Du finn oss i 1. etasje.
En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1