Vi tar i mot akutt- og kritisk sjuke pasientar med svikt i eitt eller fleire organsystem. Dette er ei felles intensivavdeling for alle fagområda i sjukehuset. Ålesund sjukehus har fylkesdekkande funksjon for barn.
Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset?
Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande
Ta gjerne med barn på besøk til den sjuke. Barn er visuelle og aksepterer lettare situasjonen dersom dei får sjå med eigne auge og får forklart på enkle måtar kva som skjer. Ta kontakt med ansvarleg sjukepleiar før de går inn i avdelinga. Dette er særleg viktig første gongen barnet skal på besøk. Snakk gjerne med barnet heime om korleis det ser ut på intensiven, korleis pasienten ser ut og korleis han/ho har det.
Dersom du kjem mellom kl 20.00 og 06.00 er hovudinngangen til sjukehuset låst. I dette tidsrommet kan du kome og gå via akuttmottaket. Døra inn til avdelinga er også låst. Bruk ringeklokka ved døra, så kjem vi og opnar til deg.
Mandag-fredag: kl. 17.00-19.00
Laurdag-søndag: kl 16.00-18.00
Ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket.
Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00
Blomster er hyggeleg å få, men på grunn av stor infeksjonsfare og allergiproblem, må diverre blomster stå ute på gangen. Det kan difor vere ein god idé å vente med blomster til pasienten er flytta frå intensivavdelinga.
Dersom du har vore alvorleg sjuk og fått respiratorbehandling over lengre tid, kan sjukepleiarane skrive dagbok om opphaldet. Etter heimreisa får du tilbod om ein samtale og kan få utlevert dagboka om du ønskjer det.
Av omsyn til hygiene og smittefare ber vi deg som pårørande om å sprite hendene før og etter besøk hos pasienten. Desinfeksjonssprit finn du ved inngangen til avdelinga. Ved isolasjon gjeld det eigne rutinar. Er du i tvil, ta kontakt med sjukepleiar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.
Passord på SMSNår du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.
Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:
No kan du lade el-bilen ved sjukehusa
Legevisitten er som oftast mellom kl 09.00 og 11.00. Då er legar med ulike spesialitetar involvert. Pårørande er ikkje til stades på visitten, men kan avtale samtale med lege via sjukepleiaren som har ansvaret for pasienten.
NB! Det er ikkje tillat å bruke mobiltelefon inne i avdelinga.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta
Du som pårørande er ein stor ressurs både for pasienten og for oss. Kontakt med familie, eller nære personar, kan bety mykje for pasienten. Det å vere til stades, snakke med pasienten eller halde i handa kan vere til god hjelp. Du må gjerne snakke med pasienten sjølv om han/ho ikkje kan gi respons på det du seier. Pasienten kan høyre deg, sjølv om det ser ut som han/ho søv.
Dersom du ønsker det kan du vere med på enkle gjeremål, for eksempel hjelpe pasienten med å ete, vere med på enkle stelleprosedyrer, eller gi massasje.
Det er også viktig at du som pårørande for din eigen del tar pausar frå opphaldet ved avdelinga. Både du og pasienten treng kvile.
Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no
Buss
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.
FlyMolde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.
Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.
Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
Kvardagar: 07.30–21.00
Laurdag og søndag: 10.00–19.00
Apoteket ligg like nordaust for sjukehuset.
Opningstider og kontaktinformasjon til sjukehusapoteket i Molde kan du finne her
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i sokkeletasjen (aust). Velkomen!
Opningstider:
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.