Seksjonsleiar: Eva Bentz
Seksjonen har 2,3 stillingar for ergoterapeut, 6,5 stilling for fysioterapeut, 2 stillingar for klinisk ernæringsfysiolog, 0,3 stilling for logoped, 0,5 stilling for sosionom og 0,5 stilling for sekretær/assistent.
Alle våre faggrupper bidreg med undervisning på Lærings- og meistringskurs.
Fysioterapi
Fysioterapi tar utgangspunkt i mennesket sine ressursar og stimulerer til ansvar og eigenmeistring. Optimal funksjon og bevegelsesglede er sentrale mål for fysioterapeutars yrkesutøving. Fysioterapi er eit tilbod til enkeltpersonar og grupper av pasientar der siktemålet er å betre og halde ved like funksjon og hindre eller kompensere for funksjonssvikt.
Fysioterapeutane arbeider ut frå funksjon og problemstilling. Vi har faste fysioterapeutar knytt til barneavdelinga, intensivavdelinga, elektiv ortopedisk avdeling, kirurgisk/ortopedisk avdeling og medisinsk avdeling. Utover dette kan vi koplast inn ved andre avdelingar / poliklinisk verksemd når det er behov for det.
Fysioterapeutane samarbeidar nært med dei andre faggruppene ved sjukehuset. Vi er med i kartlegging og diagnostisering av pasientar. Vår oppgåve er å kartlegge funksjonsevna og kva for ressursar pasientane har for å betre funksjon og eigenmeistring. I dette arbeidet brukar vi ulike metodar, til dømes funksjonstestar, kartlegging av bevegelsesbegrensningar og smerte, samt analyse av livssituasjon.
Vi kartlegg funksjonsevne og set i verk tiltak. Tiltaka kan omfatte øvingsterapi, funksjonstrening, rådgiving, rettleiing og opplæring. Det bidrar til betre meistring og motiverar til gode arbeidsmåtar og levevanar. Vi tilviser til ulike samarbeidspartnarar for vidare behandling dersom vi finn det nødvendig.
Ergoterapi
Ergoterapeutane jobbar i hovudsak etter tilvisingar frå sjukehusets sengepostar og poliklinikkar. Vi deltar i utredning, kartlegging og behandling av pasientar. Vi er ein del av tverrfaglege team innan slag/geriatri, ortogeriatri og palliasjon. Vi vurderar behov for tilrettelegging i heimen der tilrettelegging er nødvendig før utskriving. Dette kan også skje i samarbeid med kommunale terapeutar. Vi gir også tilbod til pasientar med handskade/som er operert i hand, med bl.a tilpassa trening og tilpassing av ortosar.
Klinisk ernæringsfysiologi
Ein klinisk ernæringsfysiolog (kef) er autorisert til å drive kost- og ernæringsbehandling gjennom ei 5-årig utdanning på masternivå. Ein klinisk ernæringsfysiolog driv spesialisert behandling og rådgjeving innan ernæring til barn og vaksne som er innlagt ved Kristiansund sjukehus og poliklinisk. Konsultasjon og behandling kan innebere:
- Strukturert kartlegging av kosthold og ernæringstilstand
- Vurdering av ernæringsstatus
- Ernæringsbehandling med spesialkost/ individuelt tilpassa kost
- Næringsdrikker, sondeernæring eller intravenøs ernæring
Klinisk ernæringsfysiolog arbeidar i tråd med Helse Møre og Romsdal sin ernæringsstrategi for 2020-2030.
Ernæringsstrategi HMR HR 2020-2030 (PDF)
Sosionom
Vi gir råd og informasjon om rettar, stønader og ytingar, bistand ved søknader, og gir tilbud om støttesamtaler.
Logoped
Kristiansund sjukehus har for tida ikkje tilbod om logopedtenester. Tilbod ved Molde sjukehus kan nyttast.