Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Intensiv Volda

Vi tar i mot akutt- og kritisk sjuke pasientar med svikt i eitt eller fleire organsystem. Dette er ei felles intensivavdeling for alle fagområda i sjukehuset. Ålesund sjukehus har fylkesdekkande funksjon for barn.

Hos oss er det til ei kvar tid anestesilege eller medisinsk lege med ansvar for å følgje opp pasientane, ofte i samarbeid med andre spesialitetar. Dei fleste sjukepleiarane hos oss har vidareutdanning i intensivsjukepleie, og vi har eigen fysioterapeut med spesialisering innan intensivmedisin.

Kontakt

Telefon

Næraste pårørande kan ringe når som helst på døgnet for å få informasjon om pasienten sin tilstand. Vi ønsker at ein av dei pårørande er hovudkontaktperson for resten av familien og andre.NB. Det er ikkje tillatt å bruke mobiltelefon inne på pasientromma.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Intensiv ligg i 2.etasje. Ta heisen opp ein etasje og gå til høgre. Bruk ringeklokka ved døra, så møter vi deg.

Adresse

En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Praktisk informasjon

​Ta gjerne med barn på besøk til den sjuke. Barn er visuelle og aksepterer lettare situasjonen dersom dei får sjå med eigne auge og får forklart på enkle måtar kva som skjer. Ta kontakt med ansvarleg sjukepleiar før de går inn i avdelinga. Dette er særleg viktig første gongen barnet skal på besøk. Snakk gjerne med barnet heime om korleis det ser ut på intensiven, korleis pasienten ser ut og korleis han/ho har det. 

​Dersom du kjem mellom kl 20.00 og 06.00 er hovudinngangen til sjukehuset låst. I dette tidsrommet kan du kome og gå via akuttmottaket. Døra inn til avdelinga er også låst. Bruk ringeklokka ved døra, så kjem vi og opnar til deg.

Besøkstida er frå kl 14.00-19.00.

Alvorleg sjuke pasientar har høve til å ha pårørande hos seg også utanom besøkstida.

Har du spørsmål som pårørande, kan du ringe direkte til avdelinga på telefon 70 05 83 43 .

​Blomster er hyggeleg å få, men på grunn av stor infeksjonsfare og allergiproblem, må diverre blomster stå ute på gangen. Det kan difor vere ein god idé å vente med blomster til pasienten er flytta frå intensivavdelinga.

​Dersom du har vore alvorleg sjuk og fått respiratorbehandling over lengre tid, kan sjukepleiarane skrive dagbok om opphaldet. Etter heimreisa får du tilbod om ein samtale og kan få utlevert dagboka om du ønskjer det.   

​Av omsyn til hygiene og smittefare ber vi deg som pårørande om å sprite hendene før og etter besøk hos pasienten. Desinfeksjonssprit finn du ved inngangen til avdelinga. Ved isolasjon gjeld det eigne rutinar. Er du i tvil, ta kontakt med sjukepleiar.

​​Legevisitten er som oftast mellom kl 09.00 og 11.00. Då er legar med ulike spesialitetar involvert. Pårørande er ikkje til stades på visitten, men kan avtale samtale med lege via sjukepleiaren som har ansvaret for pasienten.

​NB! Det er ikkje tillat å bruke mobiltelefon inne i avdelinga.

​Du som pårørande er ein stor ressurs både for pasienten og for oss. Kontakt med familie, eller nære personar, kan bety mykje for pasienten. Det å vere til stades, snakke med pasienten eller halde i handa kan vere til god hjelp. Du må gjerne snakke med pasienten sjølv om han/ho ikkje kan gi respons på det du seier. Pasienten kan høyre deg, sjølv om det ser ut som han/ho søv.

Dersom du ønsker det kan du vere med på enkle gjeremål, for eksempel hjelpe pasienten med å ete, vere med på enkle stelleprosedyrer, eller gi massasje.

Det er også viktig at du som pårørande for din eigen del tar pausar frå opphaldet ved avdelinga. Både du og pasienten treng kvile.