HELSENORGE
Hudpoliklinikken Kristiansund

Fuktbevarande behandling av huda ved Kristiansund sjukehus

Mange hudsjukdommar fører til tørr hud. Hos eldre menneske ser ein ei aukande uttørking av huda. Det er derfor viktig med tilførsel av fukt for å førebygge kløe. Tilførsel av fukt via kremar skadar ikkje evna huda har til å produsere fukt. Tørr hud klør og må bli førebygd og behandla. 

Innleiing

Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Rengjer huda 

Bruk lunkent vatn, då varmt vatn kan gi auka kløe. Bruk såpe der det er nødvendig og skyl godt. Bruk parfymefrie såper/sjampoar med låg pH-verdi. Ved bad og dusj kan ein bruke vaskekremar i staden for såpe. Bruk også gjerne olje i badet. 


Under

Fuktgivande krem kan du smøre deg med så ofte som du synest det er nødvendig, gjerne fleire gonger om dagen. Eit godt tips er å oppbevare kremen i kjøleskapet. Kald krem lindrar kløe. Påfør gjerne kremen rett etter bad/dusj. Om du skal behandle huda med kortisonkremar/salve, bør du la denne trekke godt inn i huda før du smørar huda med fuktgivande krem. 

Kva fuktgivande krem bør ein velje? 

Fuktgivande kremar finst i ulike variantar, frå lite feitthaldig lotion til feite salver og kremar. Nokre er tilsett verkestoff som gjer huda mjuk, mens andre er tilsett verkestoff som aukar hudas vassbindande evne. 

Vi anbefaler å velje fuktgivande kremar utan tilsette parfymestoff for å unngå allergiske hudreaksjonar. 

Spør gjerne hudlege eller sjukepleiar om råd når du skal velje kva fuktgivande krem du skal bruke. Apotektilsette kan også hjelpe med dette. 

Det viktigaste er at du finn fram til ein fuktgivande krem som du synest er behageleg å påføre, og som samtidig dekker behovet huda di har for fuktbehandling. 


Etter

Du bør fortsette å smøre huda jamleg med fuktgivande krem også etter at plagene har gitt seg. 

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.

  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
Flyfoto med markerte parkeringsområde

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Kristiansund sjukehus

Besøkstida er 17.00-19.00 alle dagar.  ​



Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–17.30

Laurdag og søndag: stengt

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

Kantina​​​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
  • Helg og høgtid: stengt  

Kiosk

I tillegg har vi kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?