Hjarterehabiliteringa består av både undervising, trening og medisinsk oppfølging.
Undervisning på Hjarteskule
Aktuelle tema for hjarteskulen er:
- Kosthald
- Blodtrykk og kolesterol
- Fysisk aktivitet
- Stressmeistring
- Medisinar
- Hjartesjukdom
- Å leve med hjartesjukdom
- Endring av livsstilsvanar
Trening
Treningane blir leia av fysioterapeut med sjukepleiar til stades. På første trening blir vi kjend med deg og kan tilpasse intensiteten etter di fysiske form og kondisjon.
Trening på hjarterehabiliteringa skal kombinerast med eigentrening. Du får råd og rettleiing og lagar treninga slik du ønsker å trene. Trening skal vere motiverande og ha riktig intensitet, derfor er det viktig at du tek eigarskap i utforming av eigentreninga. På den måten blir det lettare å halde på gode vanar vidare.
Treningsprogrammet som blir gjennomført på hjarterehabiliteringa er 4x4 minutt intervall. Det betyr 4 minutt med høg intensitet som ein gjentek 4 gongar. Hjartetrening er kondisjonstrening som betyr at du skal bli andpusten og sliten. Programmet 4x4 minutt intervall med høg intensitet er godt dokumentert er ein trygg treningsform for hjartepasientar. Programmet blir brukt hos dei fleste hjerterehabiliteringar i landet. Etter intervalltreninga følgjer 15-20 minutt med stabilitet- og styrketrening.
Treningane kan vere både på tredemølle, ergometersykkel og i treningssal.
Ta med
- Gode sko
- Lette treningsklede
- Drikkeflaske
- Handduk
Hjarterehabiliteringa tilbyr tre forskjellige forløp. Kva slags forløp du får tilbod om blir bestemt ut ifrå tilvisinga og svara du gir på spørjeskjemaet.
Du betaler eigenandel på kroner 351,- for å delta i heile rehabiliteringsforløpet, uansett kva forløp du deltek i. Eigenandelen går inn i frikortet frå Helfo.
Forløp 1: Bortebane
- Totalt 12 veker
- 8 veker med trening på sjukehuset
- Vidare 4 veker heimetrening
- Undervising med fysisk oppmøte
- Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
- Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
- Fire måndagar i løpet av 8 veker er det undervisning
- Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
- Samtale med lege etter hjartetest
Vi legg opp til to treningar per veke (måndagar og onsdagar) med treningsrettleiing for riktig treningspuls og intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Det er viktig å kombinere trening heime og hjarterehabilitering. Etter 8 veker skal du fortsette same trening heime i 4 veker. Det vil gi deg gode vanar som du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker. Testen er frivillig, og har ein eigenandel på kroner 351,-
Forløp 2: Heimebane
- Totalt 12 veker
- 4 veker med trening på sjukehuset
- 8 veker med heimetrening og digital oppfølging
- Digital undervising
- Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
- Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
- Fire måndagar i løpet av 8 veker er det undervisning
- Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
- Samtale med lege etter hjartetest
Vi legg opp til éi trening per veke (onsdagar) med treningsrettleiing for riktig treningspuls og intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Vidare 8 veker med eigentrening heime på same måte som øktene på sjukehuset. Du får nettbasert oppfølging kvar veke den perioden. Opplæring om korleis den nettbaserte oppfølginga og kommunikasjonen skal føregå vil du få hos oss. Treningsperioden skal gi deg gode vanar du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker. Testen er frivillig, og har ein eigenandel på kroner 351,-
Forløp 3: Seniorforløp
- 5 veker trening på sjukehuset
- Undervising og diskusjon i gruppe
- Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
- Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
Vi legg opp til éi trening per veke (onsdagar) med treningsrettleiing for riktig intensitet, oppleving og tryggleik. Treninga skal opplevast frå moderat til anstrengande, og målet er at du skal bli andpusten og sliten. Kvar trening varer i ca 60 minutt.