For å få best mogleg kvalitet på bilda må tarmen vere heilt rein. Du må derfor kjøpe tømmingsmiddel som Citrafleet eller Picoprep på apotek. Les nøye informasjonen om korleis du tømmer tarmen.
Dagen før undersøkinga - tømme tarmen
Dagen før undersøkinga kan du ete ein lett lunsj kl. 13. Deretter må du ikkje ete fast føde.
Klokken 18 dagen før undersøkinga skal du bruke tømmingsmiddelet.
1. Fyll eit glas med 1 ½ dl vatn.
2. Hell innhaldet av ein pose tømmingsmiddel i glaset
3. Rør om i 2 – 3 minutter til alt pulveret er fullstendig i oppløysing. Blandinga vil vere uklar og kan bli varm. Avkjøl den eventuelt før du drikker.
Drikk deretter 2 liter fordelt på 5 dl kvar time. Du kan drikke vatn, buljong, saft, brus og mineralvatn, kaffe eller te.
Du må halde deg i nærleiken av eit toalett etter å ha tatt tømmingsmiddelet. Det er individuelt kor langt tid det tar før preparatet verkar - det kan gå fleire timar før effekten kjem.
Dagen du skal til undersøkinga
Du skal ikkje ete eller drikke noke dei siste åtte timane før undersøkinga. Hvis du bruker livsviktige medisinar kan du ta dei kl. 06.00 med et halvt glas vatn. Andre medisinar kan du ta med til sjukehuset og ta når kapselen har kome inn i tynntarmen. Dette får du informasjon om av sjukepleiar.
Har du diabetes og brukar insulin, kan du kontakte oss for å få time tidleg på dagen.