Etter operasjonen blir du flytta til postoperativ avdeling. Kor lenge du må vere på postoperativ avdeling er avhengig av årsaka til keisarsnittet og tilstanden din. Her blir du overvaka fram til tilstanden din er stabil, då flyttast du til barselavdelinga.
Etter eit keisarsnitt vil du trenge meir hjelp og tid til å komme deg i form. Oppfølging på barselavdelinga blir gitt ut i frå kvar enkelt sitt behov. Kor lenge du må bli på sjukehuset kan variere, vanlegvis nokon dagar. Heimreise blir avtalt med mor og vurdert ut i frå hennar og barnets behov.
Operasjonssåret
Det er viktig at du følger med på om det kjem teikn til infeksjon i operasjonssåret. Teikn på infeksjon er:
- Rødflamma og irritert hud rundt såret
- Heving
- Væske frå såret
- Feber
- Smerter
Om du observerer nokon av desse symptoma, bør du ta kontakt med lege. Alle kvinner som er forløyst med keisarsnitt vil motta eit spørreskjema ca. 4-6 veker etter operasjonen med spørsmål om forløpet etter operasjonen.
Dersom
såret på magen er "sydd" med agraffar/stifter kan dei fjernast hos
fastlege etter ca 5-10 dagar ved bikinisnitt og 8-10 dagar ved lengdesnitt
eller reoperasjon. Same prosedyre gjeld dersom du er sydd med tråd som ikkje
løyser seg opp av seg sjølv.
Smertestillande
Du vil trenge smertelindring for operasjonssåret ditt på barselavdelinga og du vil få dette etter behov. Mange har óg luftsmerter etter keisarsnittet. Det at du beveger deg kan hjelpe for dette.
Om du reiser heim tidleg etter fødselen, kan du fortsatt ha behov for smertestillande dei første dagane etter at du kjem heim. Smertene skal gradvis avta, så det er vanlegvis ikkje behov for smertelindring utover 5-7 dagar. På sjukehuset vil du få råd om kva for smertelindrande tablettar du kan bruke.
Råd frå fysioterapeuten
Pusten
Sårsmerte og lite rørsle rett etter operasjonen, gjer at nokon pustar meir overfladisk enn vanleg. Dette kan gjere at du får mer slim i lungane enn elles. Dette kan bli betre dersom du utfører desse pusteøvingane:
- Legg hendene dine nedst på magen og kjenn at magen bevegar seg utover når du pustar djupt inn. Slepp pusten og kjenn at magen bevegar seg innover. Denne øvinga kan også få deg til å oppnå god avspenning i kroppen. Gjenta 5-10 gonger.
- Pust djupt samtidig som du strekk ein arm godt opp over hovudet, og senk han roleg ned igjen. Kvil litt og gjer det same med motsett arm. Gjenta 5-10 gonger.
- Skift ofte stilling i senga. Etter operasjonen kan du veksle mellom å ligge på rygg eller på begge sidene. Om du ønskar det, kan du ligge på magen med 1-2 puter under magen. Putene avlastar både bryst, rygg og operasjonssåret på magen.
- Be personalet om hjelp dersom du synast det er vanskeleg å finne gode kvilestillingar.
Blodomløp
For å auke blodsirkulasjonen og dermed redusere faren for blodpropp, er det viktig å begynne å bevege seg tidleg etter operasjonen. Om du ligg mykje i sengen dei første dagane etter operasjonen, bør du gjere øvingar i senga.
- Bøy og strekk i anklane.
- Bøy og strekk vekselvis høgre og venstre bein, mens hælen har kontakt med underlaget.
- Knip saman rumpa, strekk beina, held i eit sekund og slepp.
Gjer kvar øving 5-10 gonger, helst fleire gonger for dagen.
Dagen etter operasjonen er det fint om du kan sitte litt på sengekanten, og tar nokon skritt i rommet. Etter ein operasjon, er det ikkje uvanleg å bli svimmel dei første gongene du skal reise deg opp. Det gjer at du kanskje treng litt hjelp i starten.
Dei første seks vekene etter operasjonen
Operasjonssåret bør ikkje bli belasta dei første seks vekene etter operasjonen. Det er derfor viktig at du:
- Unngår tungt husarbeid som støvsuging og golvvask
- Unngår tunge løft, som løfting av eldre søsken, handleposar, barnevogn inn og ut av bil og lignande
- Du kan gjere lette treningsøvingar for magen, men vent med situps i 12 veker
- Hald på operasjonssåret når du hostar og nys.
Aktivitet og kvile i barseltida
I barseltida er det viktig at kroppen får hente seg inn igjen etter svangerskap og fødsel. Kvile er like viktig som aktivitet, og det er lurt å ta seg fleire gode kvilestundar kvar dag. Spør gjerne jordmor eller fysioterapeut om tips til gode kvilestillingar.
Det er flott at du bevegar deg. Gå gjerne tur. Start med korte turar, så kan du auke lengda etter kvart. Du kan trille vogna sjølv, men prøv å unngå dei brattaste bakkane i starten.
Bekkenbotnsmuskulaturen er svekka etter svangerskapet. Trening av bekkenbotnen er like viktig for deg som har født ved hjelp av keisarsnitt, som for deg som har født på vanleg måte. Start gjerne treninga med ein gong etter fødselen.
Reaksjonar etter keisarsnitt
Etter ein fødsel – og kanskje særleg når fødselen ikkje skjer som forventa – vil ein kunne sitte igjen med ei rekke spørsmål som gjer det vanskeleg å forstå kva og kvifor det skjedde som det gjorde. Nokon kan òg få ein psykisk og / eller fysisk reaksjon.
Om fødselsopplevinga pregar deg på ein negativ måte, kan det vere godt å få snakke med nokon som var til stades under fødselen eller anna helsepersonell som kan forklare deg meir om kva som skjedde og kvifor. Snakk med personalet på barselavdelinga, eller med jordmor / lege som følgde deg opp under svangerskapet, om du ønskar ein gjennomgang av fødselsforløpet.