Undersøkinga blir ofte gjennomført i to etappar:
- Det radioaktive stoffet blir sprøyta direkte inn i blodet. Stoffet blir konsentrert i dei organa vi skal undersøke (for eksempel i nyrer, skjelett, hjarte etc.) Det kan ta litt tid før organet tek opp stoffet, og derfor er det ofte nødvendig å vente litt før vi tar bilda. Kor lenge vi må vente er avhengig av kva organ som skal undersøkast.
- Når vi tar bilda ligg du på ein benk som er kopla til eit gammakamera som registrerer den radioaktive strålinga frå stoffet som er injisert. Vi tar enkeltbilde av bestemte område, bilde av heile kroppen, eller kameraet kan gå rundt kroppen (tomografi/SPECT-CT).
Gjer det vondt?
Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv men du må ligge stille under billedtakinga. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Forutan eit stikk i arma i samband med innsprøytinga av det radioaktive stoffet, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.
Kor lenge varer undersøkinga?
Scintigrafi varierer frå nokre minutt til 1-1,5 time, avhengig av kva organ som skal undersøkast og kor mange bilete ein skal ta. Nokre gonger er det behov for tilleggsbilete. Ved nokre undersøkingar må bileta takast over fleire dagar.
Informasjon om kor lang tid undersøkinga vil ta for deg og om den må gå over fleire dagar, får du i innkallingsbrevet.