Etter operasjonen blir du observert av sjukepleiar på sengepost. Du må ligge i senga dei første timane og unngå store bevegelsar med armen nærmast operasjonssåret.
Før du reiser heim, vil pacemakeren og bandasjen bli kontrollert. Du kan vanlegvis reise heim dagen etter operasjonen.
Du får eit kort (Norwegian Pacemaker Registry) utlevert før heimreise. I kortet står viktige opplysningar om pacemakeren din. Dette kortet bør du alltid bere med deg. Kortet skal bli oppdatert ved vesentlege endringar.
Bilkøyring etter operasjonen vurderer vi individuelt ut frå årsaka til at du fekk ein pacemaker og grunnsjukdommen din. Før heimreisa vil legen gi deg informasjon om korleis du skal forhalde deg til bilkøyring.
Etter at du har fått operert inn ein pacemaker, skal du til poliklinisk førstegongskontroll ved lokalsjukehuset ditt. Dette er vanlegvis seks til åtte veker etter operasjonen. Har du registrert deg på helsenorge.no, vil du få SMS-varsel om poliklinisk time. I tillegg vil du få brev i posten med informasjon om tid og oppmøtestad.
Etter heimreise
Operasjonssåret vil kunne vere litt ubehageleg mens det gror. Paracet vil som regel vere tilstrekkeleg som smertebehandling.
Hald bandasjen tørr dei første 14 dagane for å hindre infeksjon. Du skal ikkje dusje dei to første vekene. Du kan ikkje ta karbad, badstue eller bade i basseng/sjø 4–6 veker etter operasjonen.
Du skal ikkje skifte eller ta av bandasjen dei første 14 dagane. Om dette likevel skulle vere nødvendig, skal den bli skifta på det lokale sjukehuset ditt.
Stinga forsvinn av seg sjølv og skal ikkje bli fjerna.
For at arret skal bli finast mogleg, kan du sette på ein tape (silikontape er anbefalt) som held det saman i ytterlegare 14 dagar. Skjerm arret for direkte sollys dei første 3–6 seks månadene.
Ver merksam på teikn til infeksjon. Teikna kan vere rødme, ømheit, hevelse eller smerte omkring operasjonssåret. Dersom huda har blitt så tynn at du kan skimte implantatet, må du kontakte lege.
Aktivitet
Du skal bruke armane som normalt, slik at dei ikkje stivnar. Når såret er grodd, kan du fortsette med normal aktivitet, også seksuell aktivitet.
Elektronisk utstyr
Du skal alltid informere lege og anna helsepersonell om implantatet ditt, slik at dei kan ta forholdsreglar ved bruk av elektromedisinsk utstyr.
- MR-undersøking kan du berre gjere dersom du har fått eit MR-kompatibelt system. MR-undersøking bør bli gjort på sjukehuset, ikkje privat. Det må gå minst 6 veker etter operasjonen før ein tar MR-undersøking, og det må bli gjort omprogrammering før og etter MR.
- Behandlande ultralyd som blir brukt ved fysioterapi, skal ikkje bli brukt nær eller over implantatet.
- Unngå bruk av TENS-apparat (elektrisk nervestimuleringsapparat).
Dei fleste tekniske hjelpemiddel i heimen er ufarleg for implantatet ditt.
- Du kan bruke mobiltelefon, men då bør du halde den på motsett side av implantatet.
- Hald minst 15 cm avstand frå implantatet til induksjonskomfyr/plater.
- Unngå bruk av sveiseapparat og slagbor.
Reiser
I utlandet vil dei fleste sjukehus kunne kontrollere pacemakeren din. Det er derfor viktig at du alltid har med deg kortet (Norwegian Pacemaker Registry) du fekk på sjukehuset etter operasjonen.
Det er trygt å gå gjennom sikkerheitskontrollen på flyplassar, men det er mogleg at pacemakeren din kan utløyse alarmen. Om dette skulle hende, forklarer du sikkerheitsvakta at du har hjartestartar og viser fram kortet ditt.