Behandling

Protesevurdering etter beinamputasjon

Ein beinamputasjon er eit kirurgisk inngrep der ein fjernar heile, eller ein del av beinet. Amputasjon skjer på ulike nivå: Hofte, lår, kne, legg, fot. Beinamputasjon vil ofte påverke den fysiske funksjonen din, og tilpassing og trening med protese kan delvis kompensere for dette.

Det er ulike årsaker til amputasjon. Vanlegast er sjukdom i blodårane i beinet på grunn av åreforkalkning. Amputasjon kan også bli nødvendig ved kreft/svulstar, alvorleg infeksjon, eller på grunn av skade/traume.

Tilvising og vurdering

Du kan bli henvist direkte frå avdelinga som utfører amputasjonen, og dersom alt ligg til rette for det kan du bli direkte overflytta til rehabilteringssengeposten. Det kan også bli bestemt at du kjem til ei poliklinisk tverrfagleg vurdering etter at du har blitt utskrevet.

Fastlegen din, eller kirurgen, kan også seinare tilvise deg til tverrfagleg vurdering for protesetilpassing og trening. 

Tilvisinga skal innehalde: 
  1. Pasientens namn, fødselsnummer, korrekt adresse og telefonnummer, namn og telefonnummer til nærmaste pårørande.
  2. Legens namn, adresse og telefonnummer. 
  3. Pasientens diagnose og beskriving av korleis plagene påverkar dagleg funksjon knytt til arbeid, utdanning og fritid (fysisk, psykisk, sosialt). 
  4. Oppdatert oversikt over legemiddel i bruk. 
  5. Opplysningar om trygd- og arbeidsstatus. 
  6. Vurdering om pasienten har behov for tolk. 
  7. Dersom aktuelt, gi opplysningar om smittestatus som krev isolasjon på sjukehus (f.eks. MRSA, ESBL). 
  8. Konkretiser problemstillinga som er bakgrunn for tilvising. Kva er pasientens konkrete mål/motivasjon for rehabilitering. Bestilling om opptrening/rehabilitering er ikkje tilstrekkeleg. 
  9. Kva tiltak er prøvd ut lokalt i 1. linjetenesta? Kva effekt hadde tiltaka? Kva eigenaktivitet/eigentrening gjer pasienten i det daglege? 
  10. Har pasienten ein individuell plan? 
  11. Er pasienten vurdert av spesialist? I så fall blir epikrisen vedlagt. 
  12. Har pasienten tidlegare mottatt rehabiliteringsopphold/poliklinikk/dagtilbod i spesialisthelsetenestene (offentleg/privat) for same tilstand/diagnose? Dersom ja: 
Kva har lokale oppfølgingsopplegg bestått av i etterkant av rehabiliteringsopphaldet? Kva har komme av nytt funksjonstap? 

Epikrise frå siste opphald blir vedlagt.  


Før

Du får innkalling med informasjon om oppmøtestad og tidspunkt. I innkallingsskrivet vil du også bli beden om å ta med deg oppdatert medikamentliste.

Under

Du møter lege, fysioterapeut og ortopediingeniør, og saman gjer vi ei tverrfagleg vurdering av om du kan ha nytte av beinprotese. Vi tek utgangspunkt i amputasjonsnivå og forholda kring amputasjonsstumpen og det gjenverande beinet, kva funksjon du har no og hadde før amputasjonen, i tillegg til den generelle helsetilstanden din. I lag med deg ser vi på moglegheiter og avgrensingar du har ved bruk av beinprotese. 

Dersom konklusjonen er at du får tilbod om eit proteseforløp hos oss, så får du informasjon om vidare forløp.

Etter

Konsultasjonen og dens konklusjonar/vidare anbefalingar oppsummerast i ei epikrise som sendast til fastlegen. 

Dersom du skal i gang med eit vidare proteseforløp, vil prosessen med å forme amputasjonsstump og lage til protese starte raskt hvis forholda ligg til rette for det, og du vil få innkalling til innleggelse i rehabiliteringsavdelinga på sjukehuset når protesa er klar.

Meir informasjon her:  https://helse-mr.no/behandlinger/rehabilitering-amputasjon-av-bein-underekstremiteter.  

Dersom konklusjonen er at du ikkje skal ha eit proteseforløp, avsluttast kontakten herfrå.

Kontakt

Ålesund sjukehus Fysikalsk medisin og nevropsykologi poliklinikk Ålesund

Kontakt Fysikalsk medisin og nevropsykologi poliklinikk Ålesund

Oppmøtestad

Oppmøte ved ekspedisjon mellom heisene i underetasjen i lågblokka.
Følg merking frå hovudvestibylen.

Adresse

Åpningstider
  • I dag 08:00 - 15:30
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.