Innlegging
Før du kjem inn til døgnbehandling må du vere rusfri, hovudsakleg gjennom eit opphald på avrusningsinstitusjon. I tillegg har dei fleste døgneiningane eigne polikliniske team som kan gje deg behandling før og etter døgnbehandlinga.
Døgneininga i Molde er eit såkalla «Terapeutisk samfunn», og når du kjem hit til behandling blir du ein del av eit fellesskap på rundt 15 personar. Du vil bli presentert for ein fadder som vil ha spesielt ansvar for deg dei første dagane, slik at du kan føle deg trygg og kan spørre om alt du lurar på. Du vil få tildelt rom; oftast er dette einerom men du kan også måtte dele rom.
Ved innlegging startar du med ein inntakssamtale. Du vil også få ein samtale med lege i løpet av den første eller andre dagen. Du får tildelt ein pasientansvarlig koordinator (behandlar), som skal vere din kontaktperson gjennom heile opphaldet.
Eit behandlingsopphald hos oss krev stor deltaking og engasjement frå di side for å gi resultat. Dei fleste av aktivitetane og samlingane er obligatoriske, og du får ein timeplan for å halde oversikt.
Fellesskapet - Miljøterapi
Behandlinga hos oss er bygd opp rundt ei tenking som vert kalla "Fellesskapet som metode". Dette betyr at det er stort fokus på korleis ein i fellesskap kan hjelpe kvarandre. Miljøterapien er bygd opp nesten som ei bedrift, der pasientane er medansvarlege for det meste av praktiske gjeremål. Alt frå matlaging, reingjering og vedlikehald; alle har si rolle og sine oppgåver. Rollene rullerer, og vert fordelt ut frå ei vurdering av kvar einskild sine behov. Kanskje vil du lære deg å lage mat, kanskje treng du å lære å sette grenser for deg sjølv, eller kanskje treng du å trene på å ha ansvar. Vi har også delt inn opphaldet ditt i fasar, der du får ulike roller og ansvar gjennom dei ulike fasene. Gjennom denne spesielle og unike måten å organisere behandlinga på, brukar vi samspelet i gruppa til å øve på det som er viktig for akkurat deg. Her kan du få prøve deg fram i trygge omgjevnader, med nyttige og gode tilbakemeldingar frå dei rundt deg. Vi trur at ein kan lære mykje av kvarandre.

Gruppeterapi
Kognitiv miljøterapi ved rusbehandling
Vi bruker mye kognintiv terapi i behandlinga.
Kognitiv terapi er ei samlebetegnelse for ei rekke ulike tilrettelagte former for samtaleterapi som rettar seg mot problemløysning og innsikt i sammenhengane mellom tenkning, handling og følelsar. Viktige mål ved bruk av kognitiv terapi er å bryte selvforsterkande onde sirklar som opprettheld rusproblemet og avdekke positive tankar om rusmidel. Det gjeras ved kartlegging av utfordrande situasjoner, utforsking og eventuelt endring av negative tankemønster, bruk av atferdseksperimenter, utforming av aktivitetar som gir selvtillit og energi, stimulering til økt sosial kontakt og forebygging av tilbakefall.
Mentaliseringsbasert terapi (MBT) i rusbehandling
Mentaliseringsbasert terapi (MBT) er en samlebetegnelse på teknikker for å få økt innsikt i egne og andres følelser, tanker og motiver. Terapien brukes for å oppnå økt velfungering i hverdagen og å unngå misforståelser og konflikter. Mentalisering har også høy fokus på egne indre prosesser og å lære seg å kontrollere egne følelser.
Familie og barn
Familien er eit sentralt tema for dei fleste som er i behandling. Difor er vi opptekne av å hjelpe deg i gang med å løyse opp i det som er vanskeleg her.

Pårørende barn
Vi tilbyr samtalar med deg åleine, i lag med familien og med barn.
Tre gongar i året arrangerer vi pårørendeseminar. Her blir pårørande invitert inn på besøk og dei får undervising gjennom ei heil helg.
Gruppebehandling
Ein viktig del av behandlingstilbodet vårt er gruppebehandling. Vi har grupper med ulike tema, som f.eks:
- Rusmeistring
- Særskilde tema for kvinner og menn
- Korleis handtere kjensler som angst, sinne, frustrasjon, sårheit m.m.
- Undervisning om aktuelle tema
Tanken med gruppebehandling er at ein kan få verdifulle innspel og reaksjonar fra andre, på det ein tenkjer, føler og gjer. Kanskje kjenner du deg igjen i andre sine reaksjonar og kan få støtte, og kanskje ser du ting som kan vere viktige for andre. På den måten ynskjer vi å bidra til diskusjon, bevisstgjering og ettertanke.
Reiser
Du kan reise heim på treningsreiser etter at du har vore her i ca to månader. Då reiser du heim til eigen bustad for å trene på det å vere heime og rusfri, bygge opp sosialt netverk igjen, og vere i lag med familien din. Du og behandlaren di setter opp ei plan på reisane dine.
Besøk
Du må gjerne ta imot besøk mens du er i behandling her. Vi har diverre begrensa plass til å ta imot overnattingsbesøk, men her er ei lita hytte du kan låne når nær familie kjem på besøk.

Tverfalgleg team
Vi har fokus på å behandle heile mennesket difor er det et behandlingsteam som følgjer deg igjennom behandliga. Dette teamet består av legge, psykolog, fysioterapeut, familieterapeut, sosial- og helsefalgig utdanna behandlere.
Parbehandling
Til oss kan ein også søke seg inn som par; vi har 3 tilrettelagte rom for dette formålet. Undervegs i behandlinga vil ein få tilbod om parsamtalar, for å jobbe med det som høyrer parforholdet til. Ellers ynskjer vi at du skal delta i behandlinga på linje med andre i fellesskapet, og ha fokus på deg sjølv og din eigen rehabiliteringssprosess.
Tilrettelegging for kvinner/menn
Vi er merksame på at kvinner og menn kan ha ulike utfordringar og ulike behov. Dette løyser vi gjennom at kvinner og menn er kvar for seg i nokre grupper. I tillegg bur kvinner og menn i ulik sengefløy, og kvinnene har eiga stove der dei kan trekke seg tilbake ved behov. Ofte er kvinner i mindretal i behandlingsinstitusjonar, noko som gjer at vi treng å vere ekstra påpasselege med å ivareta dei. Det bør her nemnast at miljøterapien ved vår institusjon er utforma på ein slik måte, at det kan vere lettare for kvinner å sette grenser her enn på mange andre institusjonar.
Samarbeid
Gjennom heile behandlingsopphaldet er det fokus på å førebu tida etter utskriving. Du arbeider både praktisk og mentalt med bustad og etablering, jobb/utdanning, økonomi, samt behov for oppfølging i heimkommune. For å hjelpe deg med alt dette vert det etablert ei ansvarsgruppe ved innlegging. Her inviterer vi inn alle dei instansane som er viktige for deg, til dømes NAV, rusteam, etc. Gruppa skal vere aktiv gjennom institusjonsopphaldet, og ikkje minst etterpå.
Behandlingslengde
Behandlinga her varer i 6 månader. Den kan forlengast opp til 9 månader dersom det er nødvendig. Dette blir tilpassa kvar enkelt.