Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Ryggoperasjon ved spinal stenose (forsnevret ryggkanal) ved Ålesund sjukehus

Spinalstenose er ein tilstand kor det er redusert plass for nervevev i ryggen, enten i sjølve ryggmargskanalen eller der nerverøtene passerer ut frå ryggmargskanalen. Målet med operasjonen er å lage betre plass i ryggmargskanalen og dermed redusere plager.

Spinal stenose kan gi ulike plager og symptom. Typisk er smerter i rygg og i beina, verst når ein står og går og ofte betre når ein bøyer seg framover. Spinal stenose rammer oftast frå 40-års alderen og oppover, og er den vanlegaste årsaka til ryggkirurgi hos dei som er eldre enn 60 år.



Tilvising og vurdering

Fastlege tilviser til undersøking på poliklinikken. 

  • Generelt:  Arbeidsstatus, andre sjukdomar, medikament eller andre stimulantia (midler som aukar funksjonen eller aktiviteten til eit av kroppens system).
  • Sjukehistorie: Varigheit av symptom, smertelokalisasjon (rygg + utstråling) og grad av smerter. Funksjonsnivå inkludert gangdistanse, pareser (delvis eller ufullstendig lamming).
  • Klinisk status: Nevrologisk status, perifer sirkulasjon.
  • Andre undersøkingar: MR-funn og kor MR er tatt.


 


Før

Hald deg i aktivitet heilt fram til operasjonen. Det er viktig å ha eit sunt og næringsrikt kosthald. Vi tilrår røykeslutt før og etter operasjonen.

Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller drops etter kl. 24.00.

Ta med liste over medisinen du bruker. Du må også ta med deg skjema til Ryggregisteret.


 


Under

Operasjonen blir vanlegvis gjort i narkose. Vi nyttar ein mikrokirurgisk teknikk der vi bruker mikroskop og opererer gjennom eit 2-4 cm langt snitt i huda på ryggen. Vi fjernar bein og bindevev slik at det blir betre plass i ryggmargskanalen.

Det kan bli lagt inn dren og urinvegskateter. Desse blir vanlegvis fjerna same dag eller dagen etter operasjonen.

Vanlegvis blir operasjonsåret sydd med tråd som går i oppløysing av seg sjølv. Huda er stripsa. Bandasje og strips blir fjerna cirka 14 dagar etter operasjonen hos fastlegen din.


 


Etter

Etter operasjonen blir du flytta til oppvakningsavdelinga. Der blir du i nokre timar, før du blir køyrt til sengepost.  Dei fleste blir på sjukehuset 1 eller 2 dagar, men nokon kan reise same dag.

Det er vanleg å oppleve noko smerte i dagane etter operasjonen. Du får smertestillande medisin som du gradvis skal trappe ned.

Du kan bevege deg fritt etter operasjonen og du bør vere i mest mogleg normal bevegelse. Gå tur, ver i aktivitet og beveg deg så naturleg som du klarar.

Det er vanlegvis ikkje nødvendig med opptrening på institusjon etter utreise.


 


Videopresentasjonar frå Ålesund sjukehus

Vi har laga ein pakke med videoar til deg som har slitt med artroseskade og treng ein kneprotese eller ein hofteprotese. Her forklarar vi kva de skal gjennom frå innleggelse til utskriving.

Sjå videoane her
En person med munnen åpen

Ver merksam

Dersom du opplev at det renn væske frå operasjonssåret, at du får kraftsvikt i beina eller manglande kontroll over tissing/avføring, må du ta kontakt med avdelinga. Dersom det har gått meir enn 4 veker sidan operasjonen må du kontakte fastlegen.

Kontakt

Ålesund sjukehus Ortopedisk og revmatologisk sengepost Ålesund

Kontakt Ortopedisk og revmatologisk sengepost Ålesund

Oppmøtestad

Høgblokka i 7. etasje, Ålesund sjukehus.
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​​Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar. ​

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.