Det finst to hovudtypar av søvnapné: obstruktiv søvnapné (OSA) og sentral søvnapné (CSA).
Hyppigheit, symptom, årsaker og konsekvensar
Obstruktiv søvnapné (OSA)
Obstruktiv søvnapné (OSA)
Behandlingstrengande OSA rammar 1 av 10 vaksne personar i Noreg. Personar med OSA er vanlegvis òg snorkarar. Snorkelyden kjem ved vibrasjon av blautvev i svelget, som til dømes drøvel og ganebogar. Når sugekrefter ved innpust påverkar strukturer klappar dei saman inntil musklane i svelget igjen vert aktivert og luftveiane vert opnar seg. I denne perioden, som kan vare lengre enn eitt minutt, blir oksygennivået redusert i blodet og kvaliteten på søvnen vert redusert.
Symptombildet hos pasientar med OSA varierer frå uttalt trøttleik på dagtid til nattlige oppvakningar. Enkelte opplever ingen symptom. Å måtte tisse på natta kan også være eit symptom på sjukdommen. Ubehandla pasientar som har uttalt trøttleik har auka risiko for ulykker, demens og hjarte- og karsjukdommar.
OSA rammar begge kjønn og i alle aldersgrupper, men er forekomsten aukar med aler og overvekt. Både kvinner og menn vert ramma, men sjukdommen deuterar seinere hos kvinner. Trange luftvegar og maskulin fettfordeling er dei viktigaste årsakene.
Sentral søvnapné (CSA)
CSA er langt sjeldnare enn OSA. Ved CSA går pustestopp-episodane utan at pasienten gjer forsøk på å trekke pusten. Årsaka sit vanlegvis i dei områda av sentralnervesystemet som regulerer pusterytmen. Slike pasientar har som regel sjukdom i hjernen eller kronisk hjertesvikt.