HELSENORGE

Vevsprøve frå bryst

For å kunne stille ein sikker diagnose kan det vere nødvendig å ta ei vevsprøve av noko ein har funne med mammografi eller ultralyd av brysta. Prøvetakinga skjer vanlegvis ved hjelp av ultralyd slik at røntgenlegen kan vere sikker på at prøva vert teken frå rett stad. Prøvetaking kan også skje ved hjelp av røntgen. Ved prøvetakinga blir ei nål stukken gjennom huda til det aktuelle området.