Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Livet som doktorgradskandidat

Livet som doktorgradskandidat: Elisabeth Sæther

Jordmor Elisabeth Sæther satt i gang doktorgradsarbeidet sitt ved Helse Møre og Romsdal i 2022 då ho fekk tildelt midlar frå Samarbeidsorganet i 2021. Noko av det beste med arbeidet er å forske på eit tema som kan bidra til å gje endå fleire nyfødde ein god start, fortel Sæther.

Petter Bjørklund
Publisert 16.08.2023
Sist oppdatert 21.08.2023
En person som bruker briller
Foto: Petter Bjørklund/Helse Møre og Romsdal

Elisabeth Sæther er jordmor ved Ålesund sjukehus og starta arbeidet som doktorgradsstipendiat i Helse Møre og Romsdal ved nyåret i 2022. Prosjektet hennar er eitt av fem prosjekt i helseføretaket som fekk midlar frå Samarbeidsorganet i november 2021.

Sjølv om forskingsmiljøet knytt til doktorgradstemaet i regionen er lite opplev ho stor interesse, entusiasme og velvilje frå leiarar og tilsette ved seksjonane som er involvert i prosjektet. Noko av det ho likar best med arbeidet er å forske på eit tema som kan bidra til å gje endå fleire nyfødde barn ein god start på livet.
 
Kan du fortelje litt om doktorgradsavhandlinga di? 
Eg forskar på stabilisering av nyfødde ved keisarsnitt (INTACT-studien). Vi undersøker om stabilisering av nyfødde med intakt navlesnor ved keisarsnitt er gjennomførbart, trygt og akseptabelt samanlikna med vanleg avnavlingspraksis (avnavling etter 1-2 minutt). Det vil seie at vi etter at barnet er fødd, forløyser morkaka utan å klippe navlesnora. Avnavling vert gjort først når barnet pustar regelmessig og navlesnora er blitt kvit og har slutta å pulsere.  Deltakarane i prosjektet er barn forløyst med planlagt eller akutt keisarsnitt mellom svangerskapsveke 32 og 42, og deira mødrer. 
 
Prosjektet er todelt. Fase 1 er ein intervensjonsutviklings- og pilotstudie, der vi vidareutviklar og pilottestar ein framgangsmåte som har vore i bruk ved sjukehuset i Ålesund nokre år, men som elles i verda er lite kjend. Fase 2 er ein feasibility-studie med historisk kontroll, der vi samanliknar den nye metoden med det som var vanleg avnavlingspraksis for 4-5 år sidan. Vi ser òg på utviklinga i barnet sin hjartefrekvens frå fødselstidspunktet og fram til etter avnavling. 
 
Prosjektet er utvikla ved og tilknytta Ålesund sjukehus, men eg er stipendiat ved NTNU i Trondheim, institutt for klinisk og molekylær medisin (IKOM). 
 
Kva var bakgrunnen for val av tema og problemstilling? 
Eg fekk interesse for temaet avnavling av nyfødde allereie under jordmorutdanninga. Eg lærte i undervisinga at det var bra for barnet å vente nokre minutt etter fødselen før navlesnora vert klipt, medan eg under praksisstudiene vart lært opp til å klemme av navlesnora umiddelbart. Eg ønska å finne ut meir om kva som var best, og har halde på med avnavlingsspørsmål og -forsking sidan 2004. Føde-/barselseksjonen i Ålesund har vore ein pådrivar for å endre avnavlingspraksis både lokalt og nasjonalt gjennom prosedyrearbeid, kvalitetsforbetring og undervisning. Min mastergrad omhandla stabilisering av nyfødde med intakt navlesnor i operative vaginale fødslar (Optimal Start). Doktorgradsarbeidet er ei vidareføring av dette ved å inkludere keisarsnitt.  
 
Kva var det som gjorde at du bestemte deg for å ta ein doktorgrad? 
Eg vart oppfordra til å gå vidare med all den kunnskapen vi har opparbeidd her i Ålesund av min hovudrettleiar, Beate Horsberg Eriksen. Ho var med når eg skulle publisere resultat frå mastergradsprosjektet og meinte at eg ikkje burde gje meg med det. Vi diskuterte fleire moglege problemstillingar, ikkje minst kva som framleis var uutforska, viktig og ikkje minst gjennomførbart for ein stipendiat. Vi konsulterte òg andre forskarar innan same tema. Så var det finansieringa. Dette tok tid, og eg var nær ved å gje opp. Først på andre forsøk fekk eg midlar frå Samarbeidsorganet og kunne søke om etikk-godkjenning og opptak som stipendiat.  
 
Korleis er det å kombinere din vanlege arbeidskvardag i Helse Møre og Romsdal med doktorgradsarbeidet? 
Eg syns eg har funne ein god kombinasjon mellom forsking og klinikk. Eg jobbar 21% ved Føde-/barselseksjonen og 79% som stipendiat. Dette gjer at eg held kontakta med fagmiljøet og får vere med på ein del fødselsdagar. INTACT-studien er  svært praksisnær og det involverer tilsette ved mange seksjonar. Dette krev at eg er ein del til stades der det skjer, både med rettleiing og for å justere ting som ikkje fungerer optimalt. Dette ser ut til å vere ein suksessfaktor for gjennomføringa. 
 
Kva tenkjer du er fordelane med å ta ein doktorgrad for ein person som jobbar i eit medisinsk- eller helsefagleg yrke? 
Ein får sjansen til å fordjupe seg i noko ein er interessert i på «heiltid» (og vel så det). Det gir ei større forståing og moglegheit til å vurdere resultata av andre si forsking. Det gir òg auka kunnskap om forskingsetikk og forskingsformidling, som eg allereie har hatt stor nytte av. Og det er ikkje minst ei glimrande moglegheit for nettverksbygging, kompetansedeling og samarbeid over landegrenser. 
 
Korleis vil du beskrive ditt lokale forskingsmiljø i Helse Møre og Romsdal? 
Eg opplever at miljøet er lite, men likevel støttande og motiverande. Eg har fått god og tålmodig hjelp til søknadar, registrering av prosjektet, utarbeiding av samtykkeløysing og spørjeskjema frå tilsette ved Seksjon for forsking og innovasjon. Men eg vil òg framheve den fantastiske entusiasmen og velviljen eg er blitt møtt med av leiarar og tilsette ved seksjonane som er involvert (Føde-/barsel, gyn.poliklinikk, nyfødt-intensiv, operasjon og anestesi). Utan desse samarbeidspartnarane hadde det vore tungt, for ikkje å seie umogleg, å drive INTACT-studien. Eg har òg tilsett to studiesjukepleiarar i prosjektet, og dei er til stor hjelp i  kvalitetssikring av datainnsamling- og registrering, og i opplæring av kollegaer 
 
Kva er det beste med tida som doktorgradskandidat? 
Å få fordjupe seg i noko ein er interessert i, og forhåpentleg kunne bidra til å kunne gje endå fleire nyfødde ein god start. 
 
Kva er det du ikkje kjem til å sakne med å vere doktorgradskandidat? 
Det å aldri kunne ta heilt fri – eller ha ferie berre på papiret. 
 
Har du nokre tankar om kva du vil drive med etter doktorgraden? 
Eg vil gjerne fortsette å forske, men òg bruke meir tid på å formidle og dele. 
 
Har du nokre tips til framtidige doktorgradskandidatar? 
Ein blir fort heilt oppslukt av doktorgradsarbeidet. Det er difor viktig å finne ut kva som gir energi og kva som tappar for energi. For meg har det vore viktig å sette av tid til fysisk aktivitet og naturopplevingar og prøve å oppretthalde kontakt med familie og gode vener. 
 
Kva vil du seie til helsepersonell i Helse Møre og Romsdal som vurderer å ta ein doktorgrad? 
Sørg for å ha gode støttespelarar i det daglege og finn ut kva du blir mest motivert av – vil du forske på allereie innsamla data eller ønskjer du å vere meir «hands on» og samle data sjølv? For meg har det siste vore avgjerande for å halde motivasjonen oppe. 
 
Har du nokre meir på hjartet? 
Temaet eg forskar på er ganske smalt, og det finns ikkje noko forskingsmiljø for dette i Noreg. Det har vore svært nyttig for meg å få vere ein del av ei forskingsgruppe i Sverige som held på med same tematikk. Her har eg moglegheit til å diskutere aktuelle problemstillingar med dei fremste forskarane på avnavling i Skandinavia, samstundes som vi saman utviklar og testar nye metodar gjennom simulering og workshops. Sjølv om vi er «små» her i Ålesund, er det stor interesse for det vi gjer, og så langt har det vore vinn-vinn for både meg og dei. 


​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​​

Vil du lese meir om våre tilsettes erfaringar med å jobbe med ein doktorgrad?

I "Livet som doktorgradskandidat" kan du lese om tilsette i Helse Møre og Romsdal som held på med ein doktorgrad, deira opplevingar med doktorgradsarbeidet, og korleis det er å kombinere dette med den vanlege arbeidskvardagen i helseføretaket.
Klikk her for å gå til "Livet som doktorgradskandidat"
Livet som PHD