Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Henrik Sollie disputerte ved Det medisinske fakultet

Henrik Sollie, ansatt i Avdeling for psykisk helsevern barn og unge, disputerte 10.11 for ph.d graden ved NTNU (Regionalt kunnskapssenter for barn og unge – Psykisk helse og barnevern (RKBU Midt-Norge) med avhandlingen « A follow-up of child and adolescent outpatients with ADHD: family characteristics, informant agreement, clinical outcomes and service needs»

Publisert 18.11.2016
Sist oppdatert 18.05.2017

-Dette er ei oppfølgingsundersøking av born og unge med ADHD: vi har undersøkt familiekarakteristika, informant-einigheit, kliniske resultat og tenestebehov.
Føresatte til born med ADHD har mange roller både som informantar om bornet sine vanskar, aktørar i eit vedvarende samspel med eigne born, advokatar for ivaretaking av barnet sine hjelpebehov, i tillegg til at dei evaluerer den hjelpa som bornet og familien mottar. Avhandlinga fokuserer på desse ulike rollene til føresatte ved å undersøke tema som: informanteinighet om bornet sine symptom og funksjon, symptom og funksjonssvikt hos bornet etter diagnose og behandling ved BUP-klinikker, kor nøgde dei er med behandlinga og udekka hjelpebehov ved oppfølging, og familiekarakteristika relatert til kliniske undergrupper og symptomprofiler, forklarar disputant Sollie.

Disputas Henrik Sollie.jpg

Fakta og funn i avhandlinga
Avhandlinga baserar seg på ulike data frå 1) ei klinikkstudie av 48 born (artikkel 1), 2) ein retrospektiv oppfølgingsstudie av 214 born med ADHD-diagnose (artikkel 2 og 3), og 3) ei kvalitativ intervju-undersøking med føresatte (artikkel 4). Resultata er skildra fire publiserte artiklar.
Artikkel I viser at fedre rapporterte færre problem hos borna sine enn mødre. Det var betre samsvar mellom fars og lærer sine vurderingar av bornets ADHD-symptom enn mellom mors og lærers vurdering. Mødrene si vurdering var meir sensitive for ein ADHD-diagnose, medan fedrene sine vurderingar betre predikerte ein ADHD-diagnose som krev symptom på klinisk nivå både heime og på skulen. Val av foreldreinformant og informantkombinasjonar hadde ein tydeleg innverknad på samsvar mellom foreldre og lærar, og estimater av ADHD symptom og undergrupper av ADHD.
Artikkel 2 viser at ved oppfølging gjennomsnittleg 3,9 år etter diagnose - basert på føresatte sine vurderingar – oppfylte 60,3% av utvalet symptomkriteriar for ADHD etter DSM-IV, og 84,7% hadde ei funksjonsnedsetting på klinisk nivå. Dette til tross for at 84,7% av borna var medisinert på oppfølgingstidspunkt. Symptom på uoppmerksomheit og emosjonelle plagar var dei sterkaste prediktorane på funksjonssvikt over fleire område. Foreldrerapportert nytte av ulike behandlingar ved BUP varierte fra 71,8% til 88.7%, uavhengig av bornet sine symptomnivå. «Tilpasning av skolesituasjonen» var det viktigste behovet ved oppfølgingstidspunkt, og over halvparten av føresatte rapporterte behov for betre koordinering av tenester.
Artikkel 3 viser at føresatte til born som hadde fått ein ADHD-diagnose opplevde signifikant meir foreldrestress, inkonsistent grensesetting, meir negativ familiefungering, og signifikant mindre tilfredsheit og mestring i foreldrerolla sammenligna med ei gruppe frå normalbefolkninga. Særleg var dette tilfelle for foreldre til born som hadde både ADHD og atferdsvanskesymptom i klinisk område. Det var imidlertid ingen forskjell mellom foreldregruppene i forhold til  positive handlingar dei viste overfor borna.  På dei fleste mål for foreldrekarakteristika var det ingen signifikant forskjell mellom føresatte til born berre med ADHD og føresatte til born som på oppfølgingstidspunkt ikkje lenger oppfylte symptomkriteria til ADHD. Fedre rapporterte signifikant mindre foreldrestress, meistring i foreldrerolla, og involvering med bornet sammenligna med mødre.
Artikkel 4 viser at foreldre til tenåringar med ADHD hadde store utfordringar både i møte med eigne born og i møter med hjelpeapparatet. Kontakta med mange enkelte fagpersonar kunne opplevast positivt, men i møtet med det samla hjelpeapparatet opplevde dei stor grad av mangel på koordinering og kontinuitet. Foresatte meistra desse utfordringane på ulike måtar, symbolisert ved kategoriane «godt foreldreskap», «advokatrolla», «søke støtte», og «gje opp».


Kandidaten sine rettleiarar har vore professor Bo Larsson, NTNU og
professor Willy-Tore Mørch, Universitetet i Tromsø.

Professor Stian Lydersen leia disputasen.

Disputas_1.jpg

På biletet: Professor Stian Lydersen (disputasleder), overlege dr. med. Bjørn Kadesjø, Sahlgrenska Akademien, Gøteborgs Universitet (2.opponent), Henrik Sollie, Førsteamanuensis dr. med. Pål Zeiner, Oslo Universitetssykehus (1. opponent), førsteamanuensis Anne Mari Undheim, RKBU Midt-Norge, NTNU