Pedersen, overlege ved Nevrologisk avdeling, SNR og lege ved Aure rehabiliteringssenter, disputerte 7.mai 2021 ved NTNU med avhandlinga “Challenges in the follow-up of patients with stroke in general practice".

Rune Aakvik Pedersen
I doktorgradsstudien har han mellom anna undersøkt innhaldet i epikriser om hjerneslagspasientar som er sende frå sjukehus til fastlege. Epikriser kan vera verktøy for samhandling mellom ulike delar i helsetenesta, verktøy for å overføra informasjon og kunnskap, og for implementering av nasjonale retningslinjer, fortel Pedersen til
Forskningsnytt, nettsida til Allmennmedisinsk forskingsfond.
I Pedersens gjennomgang viste det seg at epikrisene ikkje levde opp til forventningane; det var vanskeleg å finna spor av samhandling, av invitasjon til samarbeid. «Inga vidare oppfølging frå avdelinga vår» og «blir opp følgd av fastlegen» var mykje brukte formuleringar i epikrisene. Desse epikrisene fyller ikkje potensialet sitt for å vera eit samhandlingsverktøy, meiner Pedersen.
Dersom vi ønsker samarbeid må det leggast til rette for det – og både myndigheter og helsepersonell må reflektera over kva dei meiner med samarbeid og dei må konkretisera innhaldet i det.
Les meir om doktorgradsarbeidet på Allmennmedisinsk forskingsfond sine nettsider.
Disputas:
Disputasen foregikk digitalt, 7.mai 2021
Kandidatens rettleiarar har vore professor emerita Irene Hetlevik og forskar Halfdan Petursson, samt prodekan forsking Henriette Thune fra UiS.
Meir info om disputas og prøveførelesning her.